Toppraid i nordre Strand #7 (14.11.2020)
Written by Kaare_70
Ascents | Eisåsen (159m) | 14.11.2020 |
---|---|---|
Vest for Rubbåsen (151m) | 14.11.2020 | |
Sneisåsen (251m) | 14.11.2020 | |
Vardlandsåsen (320m) | 14.11.2020 |
Grå lørdags morgon og samling av toppar på pf≥50m lista for Strand. Først Sneisåsen og Varlandsåsen, to ganske fine toppar frå Kvamaheia, faktisk første gang eg kjørte over her på den dårlege vegen. Bushing til begge toppane frå parkering ved ei gammal driftsbygning, tidvis svært bratt opp til sistnevnte frå vest, men fin utsikt over Vostervatnet.
Vidare ned til vestenden av Vostervatnet og til Eisåsen der eg parkerte ved eit gammalt forsamlingshus - sidan identifisert som Vatland bedehus - skreva over eit gjerde og busha til topps frå nordaust. Skikkelig sleip li oppover, og kratt og elendighet på toppen, dessutan ingen utsikt, men eg fann i alle fall fjellbolten.
Vidare mot Fiskå til traktorvegen som går inn mot Litle- og Storemosen. Følgte vegen til eg var rett aust for toppen og busha småkupert og småbratt opp ved hjelp av GPS. Navnet (nå "Vest for Rubbåsen", men på dette tidspunktet heitte toppen "Storemosen" på PB) borga naturlegvis for nok ein topp med mose og kratt, men han var hakket betre enn forrige. Eg fann ingen fjellbolt her, men derimot straummaster... Til saman drøye 2 timar på tur, og då var eg blitt både våt og skitten etterpå.
User comments