Toppraid i nordre Strand #6 (27.10.2020)
Skrevet av Kaare_70
Todelt toppraid på Tau, først flott utsiktstur i haustsol til Ugeliåsen frå improvisert parkering ved Monane-krysset ved Rv. 13. På god sti bratt ca. 200 hm gjennom verna eikeskog, med vassing i gulna lauv. Kjempeutsikt over Tau og Bjørheimsvatnet frå toppen, som heldigvis var så vidt over tregrensa.
Ned att same vegen og vidare til parkeringa ved inngangen til Taumarka, med merking til Borgåsen, Marshovet og Taurafjellet. Eg derimot, skulle til den umerka Rossåsen i same retning, først på traktorveg eit stykke før eg tok av på dårleg skogsveg og sti nordover, som krongla seg oppover og nord for det skogkledde toppunktet, men ikkje til sjølve toppen. Urutinert hadde eg gått heilt inn hit i granskogen utan å ha med GPS, og den som måtte gjera vendereis bare ca. 100m frå toppunktet, var meg. Etter nokre 100m bushing i tette skogen turde eg ikkje halda fram utan navigasjonsutstyr. Som om eg ikkje visste at på 138 moh ville det vera skogkledd?
Men til topps skulle eg, og om ikkje anna så vart det ei god trimøkt. Tilbake igjen frå bilen på staden der eg snudde på første forsøk, gjekk det greit til topps til angitte koordinatar på PB. Ingen markør på staden, bare tette skogen og mao. ein topp for heilt spesielt interesserte. Attpåtil kom det etter kvart regnver. Var Ugeliåsen toppen denne dagen, så var Rossåsen botn, for å seia det som sant er. To grønspetter ved parkeringa til sistnevnte liva heldigvis opp!
Kommentarer