Toppraid i nordre Strand #8 (27.12.2020)

Written by Kaare_70 GSM

Map
Ascents Bjødnåsen (127m) 27.12.2020
Vedlandsåsen (303m) 27.12.2020

Kort og fin avslutningstur på pf≥50m lista for nordre Strand, dvs. dei 24 toppane nord for aksen Tysdal-Tau. Først Bjødnåsen frå aust før Velandsåsen frå nord; høveleg tur i vått romjulsver, ein snau time på tur inkludert kjøring mellom toppane. På veg heim om Tjøstheimlia såg eg ein sjeldan og drivkvit krabat, nemleg ein røyskatt eller meir sannsynleg ei snømus fordi ho var så ørlita. Jammen ikkje enkelt å klara seg med snøkvit pels i låglandet i våre dagar!

Bjødnåsen sett frå nord
Bjødnåsen sett frå nord
Toppunktet på Bjødnåsen med Velandsåsen i bakgrunnen
Toppunktet på Bjødnåsen med Velandsåsen i bakgrunnen
Frå oppunder toppen av Velandsåsen med utsikt nordover. Me ser mot Geitaskjer og Årdalsfjorden med Helgøy
Frå oppunder toppen av Velandsåsen med utsikt nordover. Me ser mot Geitaskjer og Årdalsfjorden med Helgøy
Toppunktet på Velandsåsen med utsikt sørover. Me ser bl.a. Lekvamsåsen til høgre
Toppunktet på Velandsåsen med utsikt sørover. Me ser bl.a. Lekvamsåsen til høgre
Mot Voster og Vostervatnet
Mot Voster og Vostervatnet
Mot Holtaheia med Krofjellet og Moldhesten nærast. Bakerst sjåast den topukla Grimsåsen
Mot Holtaheia med Krofjellet og Moldhesten nærast. Bakerst sjåast den topukla Grimsåsen

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.