Køyrte opp bomvegen til Autrheimsstølen og gjekk merka løype opp til Svinestranda og vidare til Skarshammaren, som tydelegvis er det lokale namnet på høgste punktet til svinestranda.
Sikta meg vidare inn på Nonstua. Der fekk eg fin utsikt over indre del av Nordfjorden. Eg såg det an til at eg kunne ta turen som ein rundtur og sikta meg inn på Svarthammaren utan noko sti. Ikkje noko problem å komme seg ned og deretter komme inn på den merka stien mellom Svinestranda og Svarthammaren. Hadde ein avstikkar på den andre toppen av Svarthammaren for så å følge merka rute nedatt til Austrheimsstølen.
Litt regn i starten av turen, men ikkje nok til at eg vart våt. Sola kom fram etterkvart. Ein del vind på toppen.
User comments