Runde om Tohatten (14.11.2020)

Written by simenee (Simen Einmo Engdal) GSM

Duration 7h 45min
Distance 25.6km
Vertical meters 2,089m
GPS
Ascents Storslåa (1,000m) 14.11.2020 09:34
Gammelseterfjellet (1,084m) 14.11.2020 09:57
Skardnebba (1,174m) 14.11.2020 10:37
Tohatten (1,444m) 14.11.2020 12:00
Tohatten Østre (1,339m) 14.11.2020 12:16
Tverrdalsfjellet Ø (1,089m) 14.11.2020 12:50
Tverrdalsfjellet (1,279m) 14.11.2020 13:21
Neådalsfjellet (1,141m) 14.11.2020 14:11
Visits of other PBEs Kårvatn p-plass (210m) 14.11.2020 08:17

Langtur i midten av november betyr eit kappløp med klokka, og med beskjedne mengder dagslys i begge ender av dagen no når adventstida står for døra måtte det iskald beregning til skulle ein få seg ein rundtur frå Kårvatn utan at handhaldne lyskilder måtte nyttast. Difor blei det sett kurs ut frå Kårvatn i retning Neådalen medan sola enda låg gøymd bak fjella i sør-aust, og kun gjorde sitt nærvær kjent ved raudfarga skyer som varsla om ein fin haustdag.

Dagen vinn fram over Gammelseterdalen.
Dagen vinn fram over Gammelseterdalen.

Opp til Neådalen går vegen om den mykje omtalte Neådalsstigen, som er kjent for å være bratt og smal å ta seg opp. Tråkk og skilting i byrjinga av turen gjer stien lett å finne, og berre enkelte steder gjorde mykje lauvfall og anna vegetasjon det litt småproblematisk å finne vegen vidare, men alt i alt ein tydeleg sti oppover lia. Når ein passerer skiltet som informerer om naturreservat kjem ein til stiens smalaste passasjer, og det er ikkje lenger rom for feiltråkk og fall, med mindre ein ønskjer eit ublidt møte med Neåa som bruser ca. 50-60 meter lengre ned i dalsøkket. Problematisk er det likevel ikkje, og tek ein det med ro forserer ein desse metrane utan problem. Vel oppe der terrenget flatar ut beslutta eg no ei direkte rute opp mot dagens første toppunkt på Storslåa. Stien blei forlatt til fordel for utrødd terreng, men overraskande fint å ta seg opp frå denne sida, om enn tidvis bratt i lyngen. Vel oppe blei det klart at ein kald novembervind kom til å prege dagen, men med ikkje alt for stive temperaturar i utgangspunktet skulle ikkje det sette ein stoppar for gleda. Vakker utsikt innover Neådalen og mot fjella på nordsida av Naustådalen som no bada i ei låg novembersol. Litt innover dalføret ruva Neådalssnota som det naturlege blikkfanget.

Neådalen vaknar til novembersol og blå himmel.
Neådalen vaknar til novembersol og blå himmel.
Ein av Trollheimens verkelege majestetar.
Ein av Trollheimens verkelege majestetar.

På med vindjakke, og nokre kjappe meter seinare stod ein på dagens andre topp, Gammelseterfjellet. Herifrå fulgte lettgått terreng ned til Fallbekktjønnin og foten av Skardnebba, med Tohatten ruvande som ein koloss i terrenget.

Tohatten og ei låg novembersol.
Tohatten og ei låg novembersol.

Litt rundt mot vest og nokre høgdemeter seinare kunne ein notere seg dagens tredje topp. Her blei det ein lengre rast i slikt le ein kunne finne, og sørsida av Tohatten blei inspisert. Såg ikkje vanskeleg ut, men langt og bratt var det. Ned frå Skardnebba mot aust, eit fall på isen nede på flata, så stod ein klar for å ta fatt på dagens heftigaste stigning. Eg sikta meg inn på ei renne kor ein kunne skimte ein liten pinakkelstruktur oppe i skaret. Opp dit fekk både lår- og leggapparatur kjørt seg, og det var med stor glede eg til slutt kunne skimte ein varde. Til tross for både varde og bok var eg ikkje på toppen enda, og først på neste høgde kunne eg notere meg inn i Tohattens ærverdige toppbok.

Trollheimens ubestridte konge stikk seg fram.
Trollheimens ubestridte konge stikk seg fram.

Her var også dagens kaldaste temperatur og stridaste vind å finne, så dette var ikkje plassen å bli verande. Raskt ned om Tohattens austside, som forventa holdt på litt meir snø enn det eg hadde støtt på tidlegare på dagen. Hardpakka skare som ikkje bydde på større utfordringar enn litt manøvrering mellom dei brattaste fonnene. Opp mot Tverrdalsfjellet kor motbakken blei gjort litt lengre av ein avstikkar ned til Tverrdalsfjellet Øst. Slik er det no med denne smultringsamlinga. Frå Tverrdalsfjellet blei det no litt att og fram for å finne enklaste veg ned mot Neådalsfjellet. Lettløpt terreng bortover ryggen som ender i ein liten varde og dagens siste topp. Her kunne eg konkludere med at tidsskjemaet var overholdt, og eg kunne ta meg tid til å nyte dei siste solstrålane som no så vidt kom over horisonten. Deretter bar det ned langs terrenget mot Tverråa til lyden av haglskot som nok sette punktum for enkelte individ i den lokale rypebestanden. Uberørt av skuddvekslinga fortsette eg reisa ned mot Nedre Neådalsvatnet som eg fulgte på sørsida til eg traff på Neådalsstien att. Ned til gradvis sviktande dagslys som framleis var godt nok til at lommelykta fekk ligge uberørt. Ein fin runde og eit fint nytt bekjentskap med vakre Neådalen som nok må besøkast på nytt ved ei seinare anledning!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.