Laviksåta (01.11.2020)

Written by reikri (Reidun Kristiansen) GSM

Start point Lavikdalen parkering
Endpoint Lavikdalen parkering
Characteristic Hillwalk
Duration 1h 36min
Distance 4.0km
Vertical meters 406m
GPS
Ascents Laviksåta (707m) 01.11.2020
Visits of other PBEs Lavikdalen parkering (320m) 01.11.2020

Det var meldt noko regn, men sidan været faktisk var ganske bra, tok eg sjansen på ein tur.
Køyrte mot Lavik og opp Lavikdalen. Køyrte opp dalen nokre få km og parkerte på venstre side av vegen med god parkering og tydeleg merka mot Laviksåta.
Stien starta ved parkeringa og over ei bru mot Lavikstølen. Bratt opp lia mot toppen. Stien er godt merka oppover bakkane. Men det var noko blautt etter mykje regn dei siste dagane.
Noko regn og vind oppover, men med flott utsikt utover Sognefjorden og mot Hyllestad og blandt anna Lihesten. Gjekk litt rundt på toppen for å sjå meg om. Vinden gjorde at det ikkje var til at eg blei ståande på toppen. På veg nedatt vurderte eg ein tur på Handalsnipa, men sidan det kunne sjå til at det ikkje kom til å regne noko mindre, fann eg ut at eg får ta det ein anna dag. Tilbake i bilen opna slusene seg enda meir. Fin tur trass regn og vind. Godt med gode kle og sko.

stistart
stistart
toppen
toppen
Utsikt mot Lihesten
Utsikt mot Lihesten
flott varde på toppen
flott varde på toppen
utsikt mot Oppedal og Brekke
utsikt mot Oppedal og Brekke
Innover Sognefjorden
Innover Sognefjorden

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.