Hestgrovheia (01.11.2020)

Written by kobbenes (Kristian Starheim) GSM

Duration 2h 37min
Map
Ascents Hestgrovheia (656m) 01.11.2020 14:22
Visits of other PBEs Herdalsveien Parkering (300m) 01.11.2020 14:22

Etter litt munnhuggeri om kven som fortente mest familiefri i dag tok eg og kona oss jammen ein fellestur. Det er jo første gong sidan Khurushchev var president at vi tar ein tur saman.

Eg driv jo og samlar litt sånn halvvegs på lister, og der dukkar jo denne Hestgrovheia ofte opp. Probelemet er berre at det er ein ganske kort tur som er veldig avsides. Og då har den blitt nedprioritert av ein ambisiøs type som meg. Men for dagens formål var den perfekt!

Fint haustvær men litt vind i høgda. Utsikt både hit og dit, nett som eg hadde sett føre meg. Jammen er det koselig å vere på tur saman!

På veg tilbake til Trondheim var vi nedom Geitaneset og såg på nokon gravhaugar frå jernalderen, og på spikerteltcampingen som låg der. Kan jo ikkje berre gå på fjellet - ein må ha nokon perspektiv også.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.