Bringe (24.10.2020)

Written by Esone (Einar Moen) GSM

Characteristic Hillwalk
Duration 6h 42min
Distance 16.1km
Vertical meters 1,241m
GPS
Ascents Bringe (1,617m) 24.10.2020 10:33

Fin topptur på seinhaust og godt med høgdemeter. Parkerte ved Borgund kraftverk, og gikk oppover anleggsvegen mot Vaset. Marita gikk stølsvegen, medan eg veksla litt mellom sti og grusvegen. Etter 1:35 var vi ved den fine stølen Leikvoll. Heldt fram til der vegen vender ut mot Tippen. Etter ein liten matpause her, tok vi bratt opp flanker mot toppen. Tok si tid då lyngen i starten saug godt med krefter. Frå 1300 vart det snø innimellom, men greitt å finne ei rute utan for mykje gjennomtrakk. Det vart meir snø å streve i mot toppkruna. Då gikk det ikkje fort. Gjennomtrakk og runde steinar under. Sakte men sikkert nådde vi toppen vel 4 timar etter start. Svært vinterlig oppå toppen her, som har fleire master og tekniske installasjonar. Litt fotografering før vottane måtte på att.

Så retur, og då følgde vi merkinga på fjellryggen ned mot Tippen. Det er merka med ei slags brøytestikker. Det er nok grunna anlegget på toppen. Frå grusvegen ved Tippen, etter nokre 100-meter, tok vi ein bratt sti rett ned til Leikvoll. Så var det vekselvis anleggsvegen, og stølsvegen der den var merka nedatt. Kjekk tur, og moro å få med seg ein såpass vaksen topptur så seint i sesongen. Sporet stoppa igjen, då min Samsung S8, kolapsar i kulda når under ca. 50 %. Ekstern kjelde tappar den enno hurtigere, i staden for å lade. Merkeleg.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.