Søthaugsfjellet (03.10.2020)

Written by reikri (Reidun Kristiansen) GSM

Start point Dvergsdal (468m)
Endpoint Dvergsdal (369m)
Characteristic Hillwalk
Duration 7h 30min
Distance 15.1km
Vertical meters 1,000m
Map
Ascents Søthaugsfjellet (1,483m) 03.10.2020

Starta med friskt mot opp mot Dvergsdalsstølen. Hadde fått ei sånn nokon lunde turbeskriving av ein kollega som kjenner området. Eg tok av stien og sikta meg inn på Trollebotnen. Det blei ein del baksing inn i buskene. Men eg kom til slutt over elva som går ned frå Trollebotnen. Fulgte stien opp til skaret og tok til høgre der eg såg det kunne være antydning til god rute. Då eg var oppe på høgda fulgte eg ryggen opp til toppen. Litt klyving over steinar. Eg merka for øvrig at eg ikkje hadde sjekka værmeldinga. For det var rimelig sterk motvind heilt frå Trollebotnen og opp. Men eg kom meg opp og det blei eit par bilder før eg kom meg ned igjen. Då eg kom ned forbi Trollebotnen fann eg ein sti som sannsynlegvis stammar frå Jølster Fjelltrim. Anbefaler å nytte den stien som går til høgre over brua, rett etter Dvergsdalsstølen. Den stien går heilt opp til Trollebotnen. Og gjer turen mykje enklare og finare.

Utsikt Østover frå toppen
Utsikt Østover frå toppen
Grovabreen sett frå toppen
Grovabreen sett frå toppen
Utsikt vestover
Utsikt vestover
Ned mot Dvergsdalen
Ned mot Dvergsdalen
Ned mot Dvergsdalen
Ned mot Dvergsdalen
Ned mot Dvergsdalen
Ned mot Dvergsdalen
Utsikt mot Trollebotnen, på veg nedatt
Utsikt mot Trollebotnen, på veg nedatt
Dvergsdalsstølen mot Søthaugsfjellet
Dvergsdalsstølen mot Søthaugsfjellet
Utsikt frå parkeringsplassen mot Søthaugsfjellet
Utsikt frå parkeringsplassen mot Søthaugsfjellet

Eg hadde GPS sporing, men av ein eller annan grunn var den ikkje nullstilt skikkelig. Eg la difor ikkje inn GPS sporinga på denne turen.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.