Hardhausen frå Kåsastølen (31.08.2020)

Skrevet av Kaare_70 GSM

Kart
Bestigninger Nord for Breiaskaret (775moh) 31.08.2020
Hardhausen (828moh) 31.08.2020

Hardhausen er eit ganske pretensiøst navn på eit fjell, og det er artig då når det lever opp til ryktet sitt. Utruleg nok var dette første forsøket mitt på ein topp i Lyngsheia, og turen gjekk frå Kåsastølen inn stien mot Sunnmork. Innanfor Kvednavatnet tok eg søraustover og fann ein bratt trasé der eg busha rett opp til høgre for nokre hyllesystem og skrådde sidan nordover til fortoppen. Framifrå utsikt her mot bl.a. Storlitjødna, Sandvatnet og Sunnmork. Brukte kun timen hit, så derfor vart oppstigninga ganske «hard».

Mot vestenden av Kvednavatnet med Hardhausen til venstre
Mot vestenden av Kvednavatnet med Hardhausen til venstre
Tilbakeblikk frå vestenden av Kvednavatnet
Tilbakeblikk frå vestenden av Kvednavatnet
Bushing i bratt lende mot fortoppen
Bushing i bratt lende mot fortoppen
Oppunder fortoppen med tilbakeblikk mot Kvednavatnet
Oppunder fortoppen med tilbakeblikk mot Kvednavatnet
På fortoppen mot sjølve Hardhausen. Det er kupert terreng vidare til topps
På fortoppen mot sjølve Hardhausen. Det er kupert terreng vidare til topps

Vidare var det overraskande kupert til hovudtoppen, og med fine tjødnar og småvatn. Brukte likevel kun 20 min. hit. Var spent på utsikten, som ikkje skuffa; endå finare mot Sunnmork og særleg ned heile Skurvedalen og ut Lysefjorden.

På Hardhausen med flott utsikt mot Sunnmork. Me ser langt innover Nystøldalen med Tindafjellet, og med Hjelmen og Stemvatnet nærare
På Hardhausen med flott utsikt mot Sunnmork. Me ser langt innover Nystøldalen med Tindafjellet, og med Hjelmen og Stemvatnet nærare
Ditto ned Skurvedalen og ut Lysefjorden med bl.a. Neverdalsfjellet kjennesleg. Lenger til høgre stikk både Bratteliknuten og Holmaknuten seg fram
Ditto ned Skurvedalen og ut Lysefjorden med bl.a. Neverdalsfjellet kjennesleg. Lenger til høgre stikk både Bratteliknuten og Holmaknuten seg fram
Mot Storlitjødna og brekket mot Lysefjorden
Mot Storlitjødna og brekket mot Lysefjorden
Mot Krøys vest for Sunnmorkvatnet, der Bergeheia og Krøysaheia ragar høgast
Mot Krøys vest for Sunnmorkvatnet, der Bergeheia og Krøysaheia ragar høgast

Retur same veg, til saman 2 ½ timar på tur i eineståande vêr denne (basert på kalenderen) siste sommardagen.

På returen med utsikt mot fortoppen og heilt tilbake til Kvednavatnet og Rasmusskardheia (med skygge)
På returen med utsikt mot fortoppen og heilt tilbake til Kvednavatnet og Rasmusskardheia (med skygge)
Tjødn nederst i Trongedalen
Tjødn nederst i Trongedalen
Tilbake ved Kåsa- og Helmikstølen under Rasmusskardheia
Tilbake ved Kåsa- og Helmikstølen under Rasmusskardheia

Kommentarer

Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.