Halvmaraton (nesten trekvart) gjennom Jørpelandsheia #3 (19.09.2020)

Written by Kaare_70 GSM

Map
Ascents Heiahornet (775m) 19.09.2020
Krossen (718m) 19.09.2020
Krossfjellet (713m) 19.09.2020
Moslifjellet (718m) 19.09.2020
Revafjellet (728m) 19.09.2020
Stora Tibergfjellet (708m) 19.09.2020

Ideen til denne langturen saman med Håvard gjennom Jørpelandsheia vart påtenkt alt 1. januar 2020 i og med at «nye Strand» kommune såg dagens lys. Det medførte som kjent at ein del av arealet i Forsand kommune nord for Lysefjorden gjekk over til nabokommunen, deriblant Preikestolen og Neverdalsfjellet.

Ideen var såpass ambisiøs som å gå over alle stortoppane i «nye Strand», dvs. dei 9 fjelltoppane over 700 moh med pf≥100m. Planen var derfor å ha ein bil ståande ved Preikestolhytta og starta turen frå parkeringa i Bjørheimsheia. Dette ville kreva minst 12 timar på tur med lett oppakning i finver, i og med at turen ville verta mellom 3 og 4 mil og med over 2500 høgdemeter stigning. Ingen tur i parken, altså!

Toppane er, i naturleg rekkefølge frå Bjørheimsheia til Preikestolhytta:

Ein finverslørdag ved haustjevndøgn og altså siste sjanse for 12-13 timar med dagslys, var det duka for tur. Oppakninga var strippa ned til eit absolutt minimum, og med ein strategi om fylling av vatn undervegs, heldigvis ikkje noko problem i vassrike Jørpelandsheia.

Turdagen opprann med tett skodde, men med lovnad om lette tidleg om føremiddagen. På vegen over Leite såg me ein flott hjort, og på parkeringa i Bjørheimsheia var det god plass ein tidleg lørdags morgon.

Me følgte den merka stien mot Reinaknuten, og det var mykje lettare i veret alt på Krossen. Vidare gjekk me ned i Longabergdalen gjennom skardet med grov blokkurd og så opp i Terneskardet der me la att sekkane før det bar opp på Tibergfjellet. Her var det klar sikt, men framleis ein del skodde over toppane rundt oss.

Grå start frå parkeringa i Bjørheimsheia kl. 0745
Grå start frå parkeringa i Bjørheimsheia kl. 0745
Lette i veret og eit glimt ned i Longabergdalen
Lette i veret og eit glimt ned i Longabergdalen
På Krossen kl. 0900, dagens første stortopp
På Krossen kl. 0900, dagens første stortopp
Bratt nedstigning mot Longabergdalen
Bratt nedstigning mot Longabergdalen
Veret lettar på veg ned i Longabergdalen, jamvel Tibergfjellet kikkar fram or skodda
Veret lettar på veg ned i Longabergdalen, jamvel Tibergfjellet kikkar fram or skodda
Frå oppunder toppen av Tibergfjellet med utsikt tilbake mot Krossen
Frå oppunder toppen av Tibergfjellet med utsikt tilbake mot Krossen
På Tibergfjellet kl. 1000, dagens andre stortopp. Me ser bl.a. tilbake til Bjørheimsheia og Bjørheimsvatnet
På Tibergfjellet kl. 1000, dagens andre stortopp. Me ser bl.a. tilbake til Bjørheimsheia og Bjørheimsvatnet

Tilbake i Terneskardet følgte me stien ned Jørpelandslia til parkeringa ved Liarvatnet, og her møtte me dei første «byfolka» som har oppdaga Strand som turmål etter at Ryfast opna. Aldri har eg sett så mange bilar på parkeringa, utanom dagar med skiutfart eller speidarleir i Foreneset.

Nå var heldigvis skodda borte, og etter ein matpause ved Liarvatnet gjekk det vidare opp den velbrukte stien til Heiahodnet. Her passerte me alt 10 km på tur og 1000 høgdemeter samla stigning. Me tok ein ny rast i vindstilt ver og herleg solskin ved det ekte toppunktet på kommunetoppen, og dermed dagens bokstavelege høgdepunkt.

Ved Liarvatnet med klassisk utsikt mot Småsildalen med "Hodna"
Ved Liarvatnet med klassisk utsikt mot Småsildalen med "Hodna"
I oppstigninga mot Heiahodnet med tilbakeblikk mot Dala- og Liarvatnet. Me passerer alt 10 km og 1000 høgdemeter på turen
I oppstigninga mot Heiahodnet med tilbakeblikk mot Dala- og Liarvatnet. Me passerer alt 10 km og 1000 høgdemeter på turen
På Heiahodnet kl. 1200, høgast i Strand, og dages tredje stortopp. Høgaste punktet ligg 200m lenger aust
På Heiahodnet kl. 1200, høgast i Strand, og dages tredje stortopp. Høgaste punktet ligg 200m lenger aust
Pause på Heiahodnet med klassisk utsikt mot Holmavatnet og bl.a. Vardhusheia til venstre
Pause på Heiahodnet med klassisk utsikt mot Holmavatnet og bl.a. Vardhusheia til venstre

Vidare følgte me den merka stien til 7-topp turen til Strand og Forsand turlag via Krossfjellet og vidare ned på Nagaheia. Dessverre begynte det å samla seg skodde på både Naganibba og Godlifjellet, og dessutan var både Neverdalsfjellet og Moslivarden heilt dekka, truleg sidan morgonen. Me tok derfor med oss sekkane opp på Revafjellet i tilfelle me skulle koma til å avbryta turen. Dette fordi det ikkje frista å gå stilaust over Godlifjellet i skodde med begrensa navigasjonsutstyr som me hadde. Dessutan begynte i alle fall eg å sjå på klokka og kjenna det i lårmusklane. Me hadde trass alt vore på tur i over 6 timar og var bare halvvegs!

Me vurderte i alt fire alternativ, nemleg plan A – å fortsetta over Godlifjellet og så mange toppar som mulig til bilen ved Preikestolhytta, plan B – å returnera til bilen i Bjørheimsheia og dessutan plan C – å returnera til parkeringa ved Liarvatnet og «ringa ein venn». Men det me til slutt fall ned på, var heldigvis å ikkje avbryta turen, men å fortsetta kortaste veg til Preikestolhytta via eidet mellom Svortingsvatnet og Hengjanevatnet. Så høyrer det med til historia at skodda etter kvart gav seg, men då var valget alt tatt.

Nedstigning frå Heiahodnet med utsikt mot Botnafjellet og Naganibba
Nedstigning frå Heiahodnet med utsikt mot Botnafjellet og Naganibba
På Krossfjellet kl. 1315, dagens fjerde stortopp, med tilbakeblikk mot bl.a. Heia- og Småsilhodnet sentralt
På Krossfjellet kl. 1315, dagens fjerde stortopp, med tilbakeblikk mot bl.a. Heia- og Småsilhodnet sentralt
Frå Krossfjellet mot Øyavatnet og Kvelven flankert av Liaknuten og Bratteliknuten
Frå Krossfjellet mot Øyavatnet og Kvelven flankert av Liaknuten og Bratteliknuten
Mot Store Nagatjødna
Mot Store Nagatjødna
På Revafjellet kl. 1400, dagens femte stortopp. Det har begynt å dra seg til med skodde i høyden
På Revafjellet kl. 1400, dagens femte stortopp. Det har begynt å dra seg til med skodde i høyden
Utsikt vestover Revafjellet. Me ser vesttoppen nærast og bl.a. tilbake mot Tibergfjellet og Krossen, og med Reinaknuten til høgre
Utsikt vestover Revafjellet. Me ser vesttoppen nærast og bl.a. tilbake mot Tibergfjellet og Krossen, og med Reinaknuten til høgre

Fordi deler av denne løypa ville vera ny for oss begge og bringa oss gjennom delvis stilaust landskap, var det eit dugande plaster på såret etter å ha gitt opp plan A. Fordi me visste at det er krongle å passera under Naganibba til eidet, valde me å gå over høgdedraget ved Nibba, der det er bratt men god sti. Her tok den sprekaste av oss ein tur til topps før det bar stilaust men greit ned til Svortingsvatnet, kor me passerte 20 km på tur. Eg har bare vore her inne på eidet to ganger før, og det er eit herleg uberørt område, rett nok med eit par enkle hytter, men ellers heilt utanom allfarveg.

I oppstigninga mot Naganibba med utsikt mot Nagatjødnane og Krossfjellet
I oppstigninga mot Naganibba med utsikt mot Nagatjødnane og Krossfjellet
I nedstigninga mot eidet mellom Hengjane- og Svortingsvatnet. Husafjellet ovanom Hengjane dominere til venstre
I nedstigninga mot eidet mellom Hengjane- og Svortingsvatnet. Husafjellet ovanom Hengjane dominere til venstre
Me er snart nede på eidet og ser utover Svortingsvatnet, og passerer 20 km på turen
Me er snart nede på eidet og ser utover Svortingsvatnet, og passerer 20 km på turen
På eit høgdedrag (med fjellbolt) på eidet, med utsikt ut Svortingsvatnet. Naganibba dominerer sjølvsagt herifrå
På eit høgdedrag (med fjellbolt) på eidet, med utsikt ut Svortingsvatnet. Naganibba dominerer sjølvsagt herifrå
Ved utløpet av Hengjanevatnet mot 676-toppen Ørnaknuten ved Urhaugane
Ved utløpet av Hengjanevatnet mot 676-toppen Ørnaknuten ved Urhaugane
Me ser austover Hengjanevatnet med Husafjellet og sørryggen på Godlifjellet
Me ser austover Hengjanevatnet med Husafjellet og sørryggen på Godlifjellet
Panorama over Hengjanevatnet med Godlifjellet dominerande
Panorama over Hengjanevatnet med Godlifjellet dominerande

Me fann greit stien me visste måtte gå frå utløpet av Hengjanevatnet til Ørnabu som Jørpeland ungdomsskule disponerer. Her vart det ein ny rast før me fann stien langs Indre Buksetjødna og vidare langs vestsida av Troppevatnet. Over bratthenget langs Indre Buksetjødna fekk me dagens finaste syn, nemleg 3 ørner i luftig svev; etter biotopen å døma må det ha vore kongeørner, og desto meir spesielt. For første gang denne dagen var faktisk Moslivarden fri for skodde nå, og me hadde lyst til å få med oss dagens siste topp. Derfor følgte me stien via Midtslåttsvatnet til Slåtteskardet og greit til topps. Fordi skodda leika over topplatået, valde me å returnera til skardet og gå ned om Moslidalen og Preikestol-stien i staden for å gå den nyare stien over topplatået.

Klar for avgang frå Ørnabu ved Hengjanevatnet kl. 1600
Klar for avgang frå Ørnabu ved Hengjanevatnet kl. 1600
Ved Indre Buksetjødna med 628-toppen Kruna dominerande
Ved Indre Buksetjødna med 628-toppen Kruna dominerande
Herleg ettermiddag ved Indre Buksetjødna! Me ser tilbake mot både Kruna og Naganibba
Herleg ettermiddag ved Indre Buksetjødna! Me ser tilbake mot både Kruna og Naganibba
Ved Midtslåttsvatnet under Løknuten
Ved Midtslåttsvatnet under Løknuten
I Slåtteskardet med utsikt ned Moslidalen
I Slåtteskardet med utsikt ned Moslidalen
I oppstigninga mot Moslivarden med tilbakeblikk mot Midtslåttsvatnet, Troppevatnet og Løknuten
I oppstigninga mot Moslivarden med tilbakeblikk mot Midtslåttsvatnet, Troppevatnet og Løknuten
På Moslivarden kl. 1715, dagens sjette stortopp
På Moslivarden kl. 1715, dagens sjette stortopp
Fornøgd framme ved Preikestolhytta kl. 1815!
Fornøgd framme ved Preikestolhytta kl. 1815!

Det var sjølvsagt herleg å koma fram til den ventande bilen og gratulera kvarandre med ein framifrå tur på til saman 10 ½ timar. Sett i ettertid måtte me nok hatt minst 14 timar og meir tid til kvile for å klara den opprinnelege planen, så det var uansett rett av oss å ta kortaste veg til Preikestolhytta. Me klarte trass alt 6 av dei 9 stortoppane, og om lag 29 km og 1900 høgdemeter er ny rekord for oss i Jørpelandsheia!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.