Gaustatoppen (19.09.2020)

Written by simenee (Simen Einmo Engdal) GSM

Start point Stavsro (1,171m)
Duration 5h 25min
Distance 11.4km
Vertical meters 783m
GPS
Ascents Store Stavsronut (1,298m) 19.09.2020 11:18
Gaustaråen NØ2 (1,564m) 19.09.2020 11:48
Gaustaråen Nordøst (1,599m) 19.09.2020 12:00
Gaustaråen nord (1,606m) 19.09.2020 12:04
Gaustaråen (1,614m) 19.09.2020 12:10
Gaustatoppen (1,883m) 19.09.2020 13:39
Visits of other PBEs Stavsro (1,173m) 19.09.2020 11:04
Gaustatoppen turisthytte (1,835m) 19.09.2020 13:20

Det blei sagt at om veret spela på lag den helga eg hadde planlagt å besøke Østlandet skulle ruta bli lagt til Gaustatoppen. Med lovnad om sol og blå himmel så langt auga kan sjå (og dei kan sjå langt på toppen av Gaustatoppen) blei det transport med utgangspunkt i Lørenskog og endepunkt ved Stavsro parkering. Her starta turen opp til Noregs vidaste panoramautsikt.

Godt markert stistart og generelt lite problematisk å finne vegen opp, får ein si.
Godt markert stistart og generelt lite problematisk å finne vegen opp, får ein si.

På veg opp blei det to avstikkarar; først kort opp til Store Stavsronuten kun eit godt steinkast frå hovudstien, deretter litt lengre opp til Gaustaråen. Herifrå blei det retur til stien kor vi etter kvart slutta oss til resten av følgjet, som i dag bestod av totalt seks.

Frå varden oppe på Store Stavsronuten med Gaustatoppen bak.
Frå varden oppe på Store Stavsronuten med Gaustatoppen bak.
Frå Gaustaråen nord.
Frå Gaustaråen nord.

Til tross for at alt av fellesferie og turistsesong var over var vi ikkje riktig åleine om å stake oss opp ein kurs til topps. Det som kunne sjå ut til å bli den siste finvershelga før det skulle kome snø å leggje seg over Rjukans tak var tydeleg peika ut av mange som turhelg. Dermed blei det no gått i kø opp til turisthytta og Gaustabanen, kor det blei ein god rast med sola i fjeset og ein lett vind i ryggen. I mål var vi derimot ikkje enda, og forbi den store masta fann vi det siste strekket mot sjølve toppunktet. Litt grovare ur bortover her, og litt opp og ned blant store kampesteinar, men fint terreng alt i alt. Vel framme var det no berre å ta inn over seg den mykje omtalte panoramautsikta som vi verkeleg fekk utnytta til det maksimale. Omtrent ein sjettedel av Kongeriket heiter det seg at ein ser; det kan eg tru på.

Frå toppen. Ein fin plass å vere ein sådan dag.
Frå toppen. Ein fin plass å vere ein sådan dag.

Returen same veg ned som opp blei kun avbrutt av ein god rast i sola som vi drog ut så lenge vi kunne tillate oss. Inne på turisthytta var det til og med høve til å få seg forfriskningar som knapt kunne ha våre meir kompatibelt med lokalet kor vi no satt og naut vårt otium. Rett og slett ein fulltreffar av ein dag på Østlandets tak!

Servering i tråd med verforhold og lokalet.
Servering i tråd med verforhold og lokalet.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.