Storsylen i nysnø (12.09.2020)
Skrevet av bakken59
Bestigninger | Storsylen (1763moh) | 12.09.2020 |
---|
Hadde freda denne helga til tur saman med Anne, turmålet blei vald ut i frå værmeldinga. Det beste vi fann i Sør-Noreg var Sylane! Køyrde til Nedalshytta fredag ettermiddag, framme kl 2130 i stiv kuling og regn. Men heldigvis stemte vermeldinga, og vi vakna til oppholdsvær med sol. Det var meldt nedbør frå kl 1200, regn, og snø i høgda, så vi starta så raskt vi greidde etter frukosten kl 0800. Kl 0830 var vi gang. Om anmarsjen er det ikkje stort å seie, lettgått, flotte plankeklopper og fleire flokkar med reinsdyr. Inne ved Syltjønna var vi ganske paffe over at raudmerkt stig gjekk rett opp fjellsida, men sånn var det, og vi gjekk i tillit til at folk hadde gått der før! Etter eit par hundre hm, kom vi inn i nysnø, og frå det punktet gjekk det seint. Vi hadde heldigvis stavar, men måtte føle oss fram for kvart steg for å finne fot- og stavfeste i den bratte ura. Ikkje så lett å sjå raude merke heller, for fleire stader var dei dekte av snø og is. Men utan uhell klorte vi oss oppover og nådde toppunktet som førstemann denne dagen etter 4,5 timar frå Nedalshytta. På vegen tilbake møtte vi ca 30 andre turgåarar, dei fleste ca 30-40 år yngre enn oss. Nedturen var også strabasiøs, for fotspora våre var no tråkka glatte av dei som kom etter oss. Kom oss heilskinna ned til dalen og elva der vi rasta ved den store steinen. Det smakte med mat etter 6,5 timar på beina. Det lange strekket tilbake gjekk greitt, fleire reinsdyr såg vi. Eg kjende meg mør i beina, og knærne sa litt fra i dei slake opp- og nedoverstrekka. Framme etter 8 timar og 42 minutt, 23,3 km, 1313 hm. Vêret var vi kjempeglade for. Oppholdsvær på absolutt heile turen, og sjølv om toppunktet låg i ein liten skydott, sprakk den opp av og til, og vi hadde absolutt godt inntrykk av fjellet, avgrunnen aust for oss og ryggen opp. Men Storsola og traversen såg vi ikkje. Framme på hytta sprakk det opp i nydeleg kveldssol. Anne var med.
Kommentarer
Fantastisk!
Skrevet av Idunperq 14.09.2020 11:09Imponerende! Flotte bilder! Tøffe damer på tur!
Sv: Fantastisk!
Skrevet av bakken59 16.09.2020 11:25Takk, Kari! Ja, kjenner på at dette var ei fin fjør i hatten!
Takk!
Skrevet av bakken59 13.09.2020 18:33Litt stolt av denne, for her kravde kvart steg konsentrasjon!
Gratulerer med kremtopp!
Skrevet av Stigun 13.09.2020 17:47(Løs) nysnø i ur på høsten krever sin kvinne/mann, med stor grad av forsiktighet, bra jobbet!