Etiopia - eit eventyr (07.01.2020)

Written by AnneliH (Anneli Horgen)

Map
Ascents Ras Dejen (4,557m) 07.01.2020

Fekk til ein skikkeleg rundtur i Etiopiea rundt jul/nyår 2020.Etiopian Airline tilbyr innenriks flybilettar til ein billeg penge. Vegane mellom byane er ikkje mykje å skryte av, men interessante om ein vil oppleve folkeliv... Eg arrangerte turen privat med lokale guidar og sjåførar.

Skal ein først reise dit, er ein tur til Mekele og Lalibela for å sjå dei eldgamle steinkyrkjene hogde ut i fjellet ei reise verd i seg sjølv.

Her frå Abuna Yemata Guh... klatretur til ei av kyrkjene som er hogd ut midt i fjellveggen for sånn ca. 1500 år sidan, med inntakte fresker, ein eldgamal bibel i geiteskinn og kraniene etter tidlegare munkar.
Likeins er Danakil - ein saltørken under havnivå - ei oppleving å få med seg.

Etter rundreisa i nord kom vi til Gondor og traff fjellguiden vi hadde fått kontakt med. Vi kjørte inn mot Simien Mountains - ein nasjonalpark med rikt dyreliv. Vi fekk sjå både klip-springers, ulv (2 av 100), ibex (kun 1100 igjen), gelada monkley og fugl av mange slag. Hadde to dagar med aklimatisering før sjølve toppen vart teken.
Ras Dejen i sikte midt på bildet.

Sjølve turen mot toppen var ikkje vanskeleg av noko slag. Vi starta frå teltleiren kl 04.00 for å sleppe varmen i bakkane oppover. I grålysinga hadde vi toppen i sikte. To ulvar på veg nedover mot dalen, luska forbi på kort avstand, men rikeleg med mus og rotter lenger nede som følgje av innhaustinga, var nok meir fristande enn oss.

Slak stigning fram mot det siste platået og lett klyving opp. Absolutt ingen grunn til å tenkje på sikring. Vindstille og sol, og jammen kom det ikkje ein guttunge som ville selge øl og brus :-) Det vart eit langt stopp på toppen, og totalt brukte vi rundt 8 timar.
Retur til teltleir og middag.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.