Årets suraste tur (30.08.2020)

Written by AnneliH (Anneli Horgen)

Map
Ascents Seilandstuva (1,078m) 30.08.2020

På tur med Morten (Bigmob) og Sea, med base på Seiland Guesthouse. Planen var at Sea og eg skulle plukke med oss Seilandstuva og Seilandsjøkelen på ein og same tur, bruke 11-12 timar, og kose oss i fantastisk landskap i godt vêr, mens Morten skulle rusle rundt i fjæra - han hadde trass alt vore på dei toppane før. Men, nei! Det såg lovande ut då vi vart skyssa inn fjorden, og smila var på plass. Som ellers opp mot fjella her, er det rimeleg bratt dei første 300m, med grus, ur og sleipt gras. Vi var heldige og fann eit sauetråkk på venstresida av elva oppover og slapp å bli våte på beina.
Fin utsikt mot campen...

Sea... framleis rimeleg fornøyd...

Oppe i skaret dreide vi sør mot Seilandstuva. Planen var å gå ned igjen til skaret etter toppen og opp retning Seilandsjøkelen etterpå. Men så slo vêrgudane til. Eg meinte, ikkje så lite optimistisk, at dei regntunge skyene nok ville drive vidare ganske raskt, for slik er det gjerne ute ved kysten... men ikkje i dag. Grei skråning oppover i lett morenelandskap med mjuk mose - og det veit føtene å sette pris på. Over kulen rekna vi med å komme raskt til varden, men den låg overraskande langt innpå, og landskapet bølga både ned og opp nokre gonger før vi nådde fram. Hadde det vore varme i lufta, sol og lett vind, hadde vi nok ikkje tenkt så mykje over det, men vassande i snøslaps, med piskande regn rett imot, kjentes det særs langt og kaldt ut.
Endeleg dekning, og Sea kunne sjekke Yr.no.

Vi fekki oss litt varm kaffe, kvikklunsj og seigmenn ved varden og bestemte oss for å krype til korset, skippe jøkelen og ta retur same veg. For min del var avgjerda ikkje så vanskeleg slik vêret var, og eg må uansett oppigjen i traktene for å ta Øksfjordjøkelen. Verre for Sea, som skulle ha sin siste kommunetopptur i Finmark før grand finale på Håøya.
Etter eit par snørenner på returen kom smilet på plass igjen...

Vi brukte vel 3 timar opp og småsprang ned så godt det lot seg gjere på steinar dekte av snø og slaps, på rundt 2 timar. Lenge, lenge sidan eg hadde ein så gufsen, kald tur i august, og både gammaldansk og badstu kjentes fortjent ut...

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.