Vassfjøra (23.06.2012)

Written by Garm (Gal Krokfot) GSM

Map
Ascents Vassfjøra (1,633m) 23.06.2012

Omstendigheitane hadde plassert meg på Jonstølen i Ulvik. Ein topptur vart forsøkt pressa inn i programmet men hadde hittil enda i fisketur. Vi fekk dårleg med fisk men desto meire børst og fisketuren vart avslutta når turfølget ikkje lengre klarte å sitte oppreist…

Fått med det viktigaste til fisketuren.
Fått med det viktigaste til fisketuren.

Likevel, på turen attende til stølen passerte vi nokre småskrenter og som den klatrer han er, måtte turfølget, med eit promillenivå gått over i prosent og klokka på god veg inn i morgontimane sjølvsagt til å klatre litt. Klatrere er ei sær rase…

Nokre timar seinare krek underteiknede seg ut av soveposen og ut på tur. Formen var ikkje heilt på topp (forøvrig ein bekreftelse på det underteiknede alltid har sagt: at fisk ikkje er mat, sjølv om eg ikkje eingong fekk fisk vart eg likevel dårleg av fisketur…) men hadde gått å sikla på Vassfjøro nokre dagar no og dette var einaste sjansen. Fulgte bra råk mot Vassdalen og etter kva som verka som ei evigheit men som i realiteten var godt under ein time passerte eg Vassdalane.

Jonstølen sett frå råket mot Vassdalane.
Jonstølen sett frå råket mot Vassdalane.

Nokre hundre meter forbi Vassdalane møtte eg den fyrste snøen og ganske raskt var det slutt på barmark. Videre oppover var det vassing i tung sørpesnø. Formen var så som så, værgudane lite nådige og med den tunge snøen i tillegg var ikkje tanken på å bryte langt unna. Men tok turen bit for bit og sakte men sikkert drog eg meg oppover.
På turen oppover kunne eg også studere rester etter taugbane frå tida før fyrste verdskrig da dei dreiv skiferbrudd innover mot Vetle Vassfjøro. Skiferen vart frakta med bane frå omlag 1200 meter innunder Vassfjøro og ned til Osa. Det var også skiferbrudd herinne lengje før taugbana sin tid. Halve Ulvik og omegn er tekt med rastaheller frå blant anna Vassfjøro. Steinen vart også eksportert nedover Europa og oppover til Lofoten. Eit imponerande prosjekt.

Ruta gjekk inn gjelet aust for Vassfjøro og så sørvest mot toppen. Hadde fått beskjed om å gå opp eit lite stykke før tjernet men ignorerte det rådet og gjekk heilt inn til tjernet før eg braut av opp sida. Syntes det rutevalget framstod meire naturleg og enklare. Det var seige høgdemeter oppover mot breen og eg var i tillegg usikker på både sprekker og værforhold. Hittil hadde det vært regnvær alle stader rundt meg men merkeleg nok hadde uværet holdt seg unna meg. Hadde dog ikkje trua på at det ville vare…
Om lag fireogeinhalv time etter avmarsj kunne eg endeleg reparere litt med ein klunk Caol Ila på toppen av Vassfjøro. Fekk såvidt eit glimt av Ulvik og Hardangerfjorden før tåka la seg tjukk som graut og regnet byrja. Ei solid dose kald vind hjalp også til med å gjere opphaldet på toppen direkte utriveleg.
Opphaldet begrensa seg til tida det tok å konsumere ein slurk whisky, plassere eit visittkort på varden, ta nokre foto og kaste på seg noko meire klær. Deretter var det lett jogg nedoveratt. Sikta var omlag eit par meter av spora mine frå oppturen…

Nesten nede ved tjernet att kom eg ut av både skodda og regnværet men vinden fortsatte. Turen videre nedover gjekk noko raskare enn det hadde gått oppover. Nede att ved kryssningspunktet til taubana bestemte eg meg for å følge den ned til kanten ut mot Osa. Grei utsikt frå her så eg fulgte råk etter kanten videre mot Hiaskorene. Savna machete da eg mista råket nedover frå punkt 887. Vart noko bushing nedover lia men ramla stundom innom noko som minna om eit råk.

Kabelbanetraseen ned mot Osa
Kabelbanetraseen ned mot Osa
Under skydekke.
Under skydekke.

Kom etterkvart fram til dei nye statsskulpturane som var under oppføring. Prosjektet har vel vært debattert tidlegare, men pent er det i allefall ikkje. Vurderte å svinge oppom Kristinuten også men tida hadde gått frå meg. Turen gjekk difor videre forbi Instavatnet, Midvatn, Jonstølen og videre ned til Ulvik.
Skoddelaget som hadde dekt Vassfjøro sidan mi vitjing forsvant da eg passerte Jonstølen.

Fekk ein siste gløtt av Vassfjøro før eg rangla nedatt i bygda.
Fekk ein siste gløtt av Vassfjøro før eg rangla nedatt i bygda.
På ein stein nokre minutts gange nedfor Jonstølen er det eit offergrop. Så kva passar vel betre enn å donere litt til Gudane som takk for ein bra turdag? :)
På ein stein nokre minutts gange nedfor Jonstølen er det eit offergrop. Så kva passar vel betre enn å donere litt til Gudane som takk for ein bra turdag? :)

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.