Skrøåfjellet (18.08.2020)

Written by simenee (Simen Einmo Engdal) GSM

Duration 2h 46min
Distance 20.0km
Vertical meters 764m
GPS
Ascents Skrøåfjellet (1,057m) 18.08.2020 18:55
Visits of other PBEs Vindøldalen p-plass (340m) 18.08.2020 17:26

Ein topp fint dimensjonert for ein ettermiddagstur om ein startar frå Vindøldalen og har sykkel til disposisjon. Frå bilane ved enden av bomvegen sykla turfølgjet på tre innover dalen i drøye 7 kilometer før vi såg skilting mot Skrøådalen og Kløftsætra. Ti meter etter skiltet såg vi starten av ein sti vi bestemte oss for å benytte, så syklane blei parkert og stigninga tok til. Dette er for øvrig ikkje starten på den T-merka stien som går inn til Svartvatnet, den finn ein nok litt lenger inn langs vegen, men tråkket vi no gjekk opp passerte Øvre Kløftsætra og fletta seg så saman med nevnte T-sti.

Ti meter frå dette skiltet finn ein sti opp mot Kløftsætra og etter kvart T-stien.
Ti meter frå dette skiltet finn ein sti opp mot Kløftsætra og etter kvart T-stien.

Stien er god og merkinga tydeleg, men det er jevn bratt stigning oppover her. På kvar side veks det tett i tett med blåbær, så det blei fortløpande påfyll av næring medan vi forserte høgdemetrane. Vel oppe i Skrøådalen flata terrenget ut, og vi gjekk eit stykke innover før det blei naturleg å skjære av opp i retning Skrøåfjellet. Kortare frå stien og opp til toppen enn antatt. Fint skue mot Rognnebba, Fruhøtta og øvrige topper på andre sida av dalen. Retur same veg og syklane tilbake til bilen i vakker kveldssol.

Tannlegen i løpesteg over Skrøåfjellet. Rognnebba og Fruhøtta let seg tydeleg imponere.
Tannlegen i løpesteg over Skrøåfjellet. Rognnebba og Fruhøtta let seg tydeleg imponere.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.