Viromkjerringa og Bollknubben (18.08.2020)

Written by aarvag (Steinar Aarvåg) GSM

Duration 5h 57min
Distance 23.7km
Vertical meters 1,736m
GPS
Ascents Bollknubben (949m) 18.08.2020
Viromkjerringa SØ3 (1,333m) 18.08.2020
Viromkjerringa (1,374m) 18.08.2020
Viromkjerringa SØ1 (1,356m) 18.08.2020
Viromkjerringa SØ2 (1,344m) 18.08.2020
Visits of other PBEs Todalshytta (40m) 18.08.2020

Ein bortimot skamlaus kopi av knappenålsjeger Engdal sin tur dagen før. Med heile dagen til disposisjon fekk eg forlenga runden vestover langs ryggen på Viromkjerringa. Første gong over denne ryggen for min del, og første gong opp frå aust. Ein skikkeleg godbit der ein fekk bruk for både armer og bein undervegs!

Opp via Bollknubben for å få med seg litt listefyll, og denne toppen var nettopp det; listefyll. Stort sett bløtt og ikkje utprega lettgått, men til gjengjeld med Skarfjellet og Vinnumassivet som eit kledeleg bakteppe. Herifrå ned mot Veltet og vidare opp Viromkjerringa frå aust. Litt langdrygt før klivinga tok til, men derifrå var det ein einaste stor fest. Det skulle vise seg at knappenålsjegeren også er noko til vardebyggjar, og med fersk varding var det lett å finne vegen i det som på avstand såg ut som ei vanskeleg fjellside. Kronisk flott utsikt mot Innerdalen og Viromdalen, som bada i disig sollys.

Ikkje det finaste terrenget å ta seg fram i, men makalaus utsikt over myra!
Ikkje det finaste terrenget å ta seg fram i, men makalaus utsikt over myra!
Ryggen opp austsida av Viromkjerringa såg vanskeleg ut på avstand, men skulle vise seg å vere riktig så fin
Ryggen opp austsida av Viromkjerringa såg vanskeleg ut på avstand, men skulle vise seg å vere riktig så fin

Vestover langs ryggen heldt eg meg stort sett oppe på eggen, men det såg ut som det var muleg å omgå flesteparten av dei mest utfordrande partia. Aldri særleg teknisk krevjande, og heller ikkje eksponert kliving vestover, så turen til vesttoppen var riktig så fin på ein tørr og varm dag.

Medan eg satt ved varden på Viromkjerringa og såg nedover nordsida, så undra eg meg på om det kunne gå an å ta seg ned denne vegen. Eg hadde god nok tid til å koste på meg ein eventuell bomtur og retur oppatt, så nysgjerrigheita tok overhand, og eg ga meg i kast med bratt, glatt og generelt ugjestmildt terreng ned renna. Ved hjelp av god tid og eit par manøvrar ein neppe finn i litteratur som omhandlar trygg ferdsel i fjellet rota eg meg til slutt ned, og fekk etterlengta påfyll av vatn i ei lita tjønn i botn.

Deretter traving langs blaut myr for å finne att stien eg kom opp på.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.