Storstyggesvånåtind - endeleg! (15.08.2020)  6

Written by bakken59 GSM

Characteristic Hillwalk
Duration 9h 26min
Distance 21.6km
Vertical meters 985m
GPS
Ascents Storstygge-Svånåtinden (2,209m) 15.08.2020

Den første veka på jobb etter ferien kom jo med supert vær, og vi bestemte oss for å nytte høvet å prøve oss på Storstyggesvånåtind. Eg har hatt den på ønskelista sidan eg gjekk aleine til Snøhetta for nokre år sidan, men denne hadde eg ikkje lyst til å gå aleine. Heldigvis ville Tom vere med, og vi skrubba ikkje då det var fullt på Snøheim, men pakka rett og slett ned telt og overnattingsutstyr og kom oss ut av byen kl 1300 på fredag. På Hjerkinn rakk vi skyttelbussen med god margin, men vi var sjokkerte over mangelen på virusberedskap, for på bussen blei vi berre dytta inn, og folk sat og stod oppå kvarandre. Merkeleg oppleving etter fem månader med sosial distanse i Oslo. Vi starta å gå i ein heilt klår kveld frå Snøheim, og gjekk i 1,5 time og kom ca 6 km innover. Vi telta ved den vesle tjønna rett før vatnet på 1499 inne i botnen under Storstyggesvånåtind. Det vil seie at vi gjekk litt forbi Innaste Svånåkollen før vi stoppa. Vi vakna til klar blå himmel, god temperatur og berre litt vind. Det var meldt kraftigare vind på toppen, men det blei det faktisk ikkje noko av. Vi starta med å gå opp til elveosen der Svånåelva renn ut av vatnet på 1499, vi måtte av med støvlane og vada over med stavar. Det var heilt kurant. Så følgde vi ryggen oppover, etter ca 100 hm gjekk vi inn i ur med ganske stor stein, og slik var traseen heilt opp til ryggen blei brattare og skarpare ved ca 1900 moh. Der heldt vi oss innat eggen etter råd i fleire rapportar, og eg som er høgderedd og var litt uroleg for kor skummelt det kom til å bli, var letta over at det aldri var plagsamt eksponert. Men det var bratt, og nokre sva kunne nok ha vore litt skumle om det hadde vore vått eller glatt. Men vi gjekk på tørt underlag, og hadde ikkje problem. Men eg må tilstå at eg brukte hendene mykje oppover, og var glad eg hadde med hansker. Var ikkje heilt nøgd med at Tom hadde betre pust enn meg, kanskje var det høgda som gjorde meg tungpusta? Deilig å kome opp over fjellbrynet, og sjå varden rett framfor oss. Eg tok ein liten sving bortover platået for å sjå litt på utsynet. Då vi kom opp, var vi litt skuffa over at ein liten skydott låg over toppen, men det lette skylaget kom og gjekk, så vi fekk flott utsyn til alle kantar etter kvart. Vi rasta i le av varden. Vi brukte ca 2 timar og 53 frå teltplassen og opp. Rasta i dryge 40 minutt før vi gjorde oss klare for nedturen. Idet vi skulle starte, møtte vi eit ungt par frå Oppdal. Dei gjekk heile traversen same dato kvart år, hadde brukt 3,5 time inkludert pause frå Snøheim, og freste opp bratthenget i imponerande tempo. Jenta fortalde for øvrig at første gong ho hadde gått traversen hadde ho falle 150 meter ned frå Langvasstinden, inkludert to frie fall på 5 og 7 meter. Ho hugsa ingenting frå sjølve fallet, var blitt redda, men hadde fleire brot på hjerneskallen, hadde framleis ei stålplate i tinningen, og kranglete rygg. Eg fekk stadfest kor farleg det kan vere å bevege seg i bratt terreng, og bestemte meg der og då at traversen vil eg aldri prøve meg på! Vi var forsiktige nedover, og var skikkeleg leie steinur då vi kom ned til eit par snøfonner som det var deilig å skli ned og fortsette til elva. Etter å ha kryssa elva igjen, gjekk vi på ein heil perfekt leirplass med steinbenkar og eldstad og det heile. Der burde vi har slått opp teltet! For andre som vil overnatte på veg opp, er det altså ein kjempefin leirstad ikkje så langt frå eleveosen ved vatn 1499. Nedturen tok 2 timar og 40. Vi koste oss i sola ved teltet, laga oss middag, tok oss ein lur, og så pakka vi saman og gjekk tilbake til Snøheim der vi slog opp teltet på nytt. Belønninga var eit par timar i peisestua på Snøheim med to halvlitrar til Tom, og mineralvatn og eit glas raudvin til meg. Mykje vind rund teltet den natta, koseleg i grunnen, og morgonen etter vakna vi til blikkstille vær med Snøhetta som spegla seg i vatnet ved hytta. Totalt blei det 21,8 km, 985 hm og 9 timar og 29 på tur. Tur-retur teltplass til toppen tok oss 6 timar og 23 minutt, medan "moving time" var på 3 timar og 37. Tom var med. Stor oppleving i flott vær!

User comments

  • -
    avatar

    For en tur

    Written by Stigun 21.08.2020 00:19

    og for et vær! Takk for fin turrapport og flotte bilder! Flott den østeggen opp til Storstygge..

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.