Neådalssnota via vesteggen (15.08.2020)

Written by aarvag (Steinar Aarvåg) GSM

Duration 12h 28min
Distance 31.6km
Vertical meters 1,903m
GPS
Ascents Neådalssnota Nordøst (1,253m) 15.08.2020
Neådalssnota (1,621m) 15.08.2020
Neådalssnota NV (1,161m) 15.08.2020
Neådalssnota V1 (1,397m) 15.08.2020

Tidleg start frå Kårvatn for dagens mannsterke turfølge - håpet var å kome seg på Neådalssnota medan det framleis var sol. Allereie før vi hadde kome oss ut av tunet og forbi låven på landets mest bortgøymde friluftsbutikk forstod vi at det toget var i ferd med å gå. Det som for eit kvarter sidan var blå himmel innover mot smørauget i Trollheimen var no i ferd med å bli til lågt skydekke og noko som minna meir om tjukk rømmegraut enn om smørauge.

Veret får ein som kjend ikkje gjort så mykje med, så vi fann det likast å legge i marsj innover Naustådalen. Flott sti og forseggjort bru over Strankåa tok oss lett inn til Naustådalvatnet, der vi vada over utløpet og vandra i ovveraskande lettgått terreng over NV-toppen og vidare opp til V1. Muligens ein omveg på kartet, men det opplevdes i høgste grad som den "riktige" ruta for å ta seg opp på ryggen.

Hoppende glad for å få eit glimt av dagens mål. Neådalssnota er eit mektig syn frå nordsida.
Hoppende glad for å få eit glimt av dagens mål. Neådalssnota er eit mektig syn frå nordsida.

Herifrå var det ikkje så mykje tvil om ruta vidare, til trass for at Neådalssnota no var borte inne i skodda, og vinden tok seg betydeleg opp. Plana om å få spektakulære dronebilder oppe på eggen var det berre å slå frå seg og heller plukke fram vindjakke og vottar frå sekken. Ryggen smalna gradvis meir og meir før vi kom til punktet som blir beskrive som "Trollheimens smalaste egg". På tørre forhold var dette litt mindre dramatisk enn vi hadde forventa oss ut frå det vi hadde lese oss fram til, og vi speida no etter beste rute vidare opp ryggen til topps. Med litt begrensa sikt valde vi å halde oss oppe på ryggen heilt til topps, og plutseleg dukka toppvarden opp.

Over eggen med stø kurs for skoddehavet vidare opp ryggen
Over eggen med stø kurs for skoddehavet vidare opp ryggen

I sterk vind og null sikt var ikkje dette noko plass å slå seg til ro, så vi fortsette vidare over toppen og ned til Snotvatnet, der vi stakk oppom NØ-toppen sidan vi først var så nære. Deretter ned til raudmerka sti og tilbake til bilen, kun avbrote av ein betre Real Turmat-middag ved Nauståbu. Ein lang dag som ikkje vart belønna med særleg til utsikt, så dette må repeterast ein dag meteorologane treff betre med spådomane sine.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.