Neådalssnota (15.08.2020)

Written by simenee (Simen Einmo Engdal) GSM

Duration 12h 28min
Distance 28.6km
Vertical meters 1,700m
GPS
Ascents Neådalssnota NV (1,161m) 15.08.2020 10:37
Neådalssnota V1 (1,397m) 15.08.2020 11:30
Neådalssnota (1,621m) 15.08.2020 13:47
Neådalssnota Nordøst (1,253m) 15.08.2020 15:07
Visits of other PBEs Kårvatn p-plass (210m) 15.08.2020 07:15

Blant det faste turfølgjet på seks som no mønstra nede ved Kårvatn er det vel ingen topp som opp gjennom tida har blitt så javnt omtalt som Neådalssnota. Det virkar til at uansett kor ein står i Trollheimen stikk Neådalssnota seg fram og ruvar i storslagen majestet der inne i hjertet av fjellheimen. Endeleg var dagen komen for at vi skulle kunne innta toppvarden på denne kolossen, og ruta blei lagt innover Naustådalen.

Den første stigninga er unnagjort, og Naustådalen ligg framfor oss.
Den første stigninga er unnagjort, og Naustådalen ligg framfor oss.
Flatt, fint og lettgått innover langs T-merka tursti mot Trollheimshytta.
Flatt, fint og lettgått innover langs T-merka tursti mot Trollheimshytta.

Eit lite antiklimaks skulle det derimot vise seg å bli, for vi skjønte tidleg at meteorologane heller ikkje denne gongen hadde truffe spesielt godt med prediksjonane, og skodda som skulle kome godt utpå ettermiddagen lå allerie som eit lokk på toppen av Neådalssnota da vi hadde kome oss så langt innover Naustådalen at ho var innanfor synsvidde. Litt synd å ikkje skulle få nyte det ein berre må anta er ei fantastisk utsikt frå toppen, men vi bestemte oss for å halde fram mot toppen tross skodde og aukande vind.
Vi fulgte stien innover så langt som til utløpet av Naustådalsvatnet kor vi kryssa over på andre sida og begynte på oppstigninga mot Neådalssnota Nord-Vest. Veldig fint og lettgått terreng opp hit og vidare opp til V1 i enkel klyving. Skal ein nå Neådalssnota via vesteggen kan eg ikkje forstå anna enn at dette må være den minst strabasiøse vegen opp.

Kryssinga av utløpet ved Nauståvatnet blei gjort barbeint.
Kryssinga av utløpet ved Nauståvatnet blei gjort barbeint.
Oppe ved NV-toppen fekk vi dagens siste glimt av toppen.
Oppe ved NV-toppen fekk vi dagens siste glimt av toppen.

Så kunne artigheita begynne. Bortover ryggen steig forventningane til det mykje omtalte partiet som skal være så smalt at ein kan ake seg bortover med ein fot i Naustådalen og den andre i Neådalen.

Ryggen mot Neådalssnota.
Ryggen mot Neådalssnota.
Det smalaste partiet nærmer seg.
Det smalaste partiet nærmer seg.
Vel fram måtte vi seie oss enige i at smalt var det, men kanskje ikkje like luftig som den blir omtalt. Uproblematisk å kome seg over med valgfri teknikk alt etter kva ein føler for. Paritet er heller ikkje lenger enn 10-12 meter. Vel over går ein ut til venstre og klyv opp på ryggen. Oppover ryggen går det heilt fint å klyve straka vegen oppover, men ein kan mot slutten velge å halde ut til venstre kor nokre litt lause renner leiar vegen opp i litt meir lettgått terreng enn over sjølve midten av ryggen.

På veg opp møtte vi to turlag på til saman fem stykker som valgte å snu rett før toppen på grunn av skodda. Eit fornuftig valg når ein ikkje føler seg trygg på retning og forhold. Vi meinte for vårt eget vedkommende at alt framleis var under kontroll, så vi fortsatte oppstigninga, kun avbrutt av ein rast rett før toppen for å få på seg langbuske og anna vindbeskyttande tøy, for det blas no friskt her oppe. Plutseleg var toppvarden der, og vi kunne endeleg få navna våre inn i toppboka her.
Stor glede på toppen til tross for skodda.
Stor glede på toppen til tross for skodda.

Ingen plass å raste i slik forhold, så vi staka raskt ut kursen nedover. Tok oss ned til Snotvatnet, ein rask tur-retur opp på nord-øst-toppen, før vi fann stien tilbake gjennom Naustådalen att. Kun avbrutt av eit bedre måltid inne ved Nauståbu gjekk det i trygg marsj tilbake ned til Kårvatn. Ein veldig fin tur utan dei heilt store visuelle effektane, så denne må nok gåast på nytt ein klårversdag.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.