Trollhetta via sørøstryggen (12.08.2020)

Written by aarvag (Steinar Aarvåg) GSM

Duration 5h 43min
Distance 35.2km
Vertical meters 1,542m
GPS
Ascents Langfjellet (1,264m) 12.08.2020
Trollhetta (1,614m) 12.08.2020
Trollhøtta Nordtoppen (1,596m) 12.08.2020
Trollhøtta Østtoppen (1,522m) 12.08.2020

Ferieveret kom i god tid etter at ferien var over i år, så da gjeld det å nytte timane mellom arbeidsdagane godt - når ein har skiftarbeid og turmotivasjonen er på topp, så er det utruleg kva ein får tid til. Skodda som låg i Trondheim letta gradvis på tur inn til parkeringa på Kleiva, og den varsla vinden var det heller ikkje mykje å sjå til. Det var faktisk heilt dødt i bakken, som det heiter på hoppspråket. Like greit, eg hadde ingen planer om å setje bakkerekord uansett. Ein lang og forsøksvis roleg løpetur var det som stod på plana, og eg hadde skjønt det slik at mykje av terrenget til topps skulle vere løpbart, i alle fall om ein ikkje er redd for stein.

Oppe på Langfjellet var det ein litt kjøligare trekk, men framleis ikkje den store oppdrifta, for å halde fram med hoppterminologien. Før eg hadde kome meg til austtoppen hadde det vorte litt meir disig, så utsikta var kanskje ikkje så spektakulær som ho kunne vore, men "Litjhelvetet" og eit islagt "Trollauge" var likevel eit mektig syn. Terrenget vidare til nordtoppen vart brattare, men var aldri eksponert eller teknisk vanskeleg, så her kjem alle seg fram langs raudmerkingane om ein tek tida til hjelp. Oppe på sørtoppen var det framleis disig og litt skodde, så det var greiast å finne vegen heimatt.

På førehand hadde eg tenkt å ta returen same vegen, men eventyrlysta tok overhand. Ikkje all verda med informasjon å finne om søraustryggen ned mot Svartådalen, så da var det berre å ta saken i egne hender og få greie på nettopp det. Heilt øverst ut på ryggen var det veldig laust, men på ingen måte vanskeleg eller ubehageleg bratt. Ganske raskt kom eg ned til ein varde der boka vitna om at dette nok ikkje er den mest allminnelege ruta til (eller frå) Trollhetta. På rundt 1350 moh vart terrenget brattare, og eg enda opp med å gå litt att og fram for å finne ei grei rute ned. Om ein går opp i staden for ned her er det nok enklare å speide ut den beste ruta. Ned kom eg uansett utan at det vart skummelt eller vanskeleg, og kryssa utløpet frå Trollauget på rundt 900 moh. Snøsmeltinga frå Litjhelvetet førte naturleg vis med seg eit helvetes godt drikkevatn som eg nytta meg av på grådig vis.

Vidare ned lia fann eg eit lite myrdrag som tok meg utafor den verste bjørkeskogen, før eg plutseleg fann ein nedfart der moder jord hadde rydda veg. Eg tenkte at det neppe rasar ut igjen, og enda opp med å følgje denne "renna" heilt ned til elva. Sidan stien går rett på sørsida av elva var det aldri aktuelt å labbe rundt på nordsida for å finne ein plass for tørrskodd kryssing - her var det berre å vade over og gi seg i kast med den siste dryge mila tilbake til bilen, langs fotogene setervollar som bada i ettermiddagssola.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.