Bårdsgardskammen (09.08.2020)

Written by aarvag (Steinar Aarvåg) GSM

Duration 2h 15min
Distance 8.4km
Vertical meters 665m
GPS
Ascents Bårdsgardskamben (1,146m) 09.08.2020
Måssåhaugen (928m) 09.08.2020

Ein innhaldsrik transportetappe opp til Måssåhaugen for å slå leir for natta og posisjonere seg for morgondagen. La att storsekken ved stiskillet og svinga oppom Bårdsgardskammen på vegen - deretter langs stien mot Vassendsetra før eg tok av over myrene mot kveldens teltplass.

Ganske så plutseleg dukka ein hjort opp berre 20-30 meter frå meg. Vi stod og kika litt på kvarandre før vi begge fann ut at det var på tide å gå kvar til sitt. Rakk aldri å få opp kameraet før det var for seint. Med det same hjorten forsvann la eg merke til at eg stod midt i eit oransje hav - ei moltemyr der det bugna av modne bær. Bruka litt tid her for å plukke med meg kveldens dessert.

Deretter var det tid for å få opp teltet. Tomt med utsikt til Gjevilvatnet treng ikkje vere så dyrt!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.