Ura og Kufjellet (07.08.2020)

Written by simenee (Simen Einmo Engdal) GSM

Characteristic Trip by foot
Duration 7h 52min
Distance 19.8km
Vertical meters 1,120m
GPS
Ascents Ura (1,178m) 07.08.2020 12:52
Urarabben (1,069m) 07.08.2020 13:44
Kufjellet (1,080m) 07.08.2020 15:00
Kvenngrøhausen (1,005m) 07.08.2020 16:26
Visits of other PBEs Storbekklia P-lomme (435m) 07.08.2020 10:46

Ein fin tur med utgangspunkt i Folldalen. Det finst i følgje kartet to godt merka ruter opp til den populære toppen Ura, og eg og turfølgjet la i veg frå den som startar lengst inn langs vegen. Her står det ei stor flott informasjonstavle, så ein veit når ein er framme ved start. Opp langs traktorveg som etter eit par slynger ender opp inn ved Aunesetra. Herifrå bar det vidare på god sti oppover lia som snart passerte over tregensa.

Idyllisk inne ved Aunesetra.
Idyllisk inne ved Aunesetra.

Ei av dagens mange vakre vinklar mot Snota åpenbara seg i det stien flata ut og gjekk langstrakt innover Storbekkdalen. Tidvis ganske bløtt innover, men heilt greit. Etter kvart svinga stien opp langs Langurveggen, og etter ein liten matrast halvvegs oppi stod berre siste slake stigninga opp til toppen att. Vakkert skue over til motsatt side av Folldalen, og i sør kunne vi skimte Gjevillvasskamman i det fjerne.

Snota rett i mot frå toppen av Ura.
Snota rett i mot frå toppen av Ura.

Finveret hadde verkeleg funne vegen til Trollheimen denne fredagen, og det var inga grunn til å skulle sikte seg inn på bilen enda. Dermed blei ruta lagt ned mot Urarabben, og derifrå gjekk det i lettgått lyng ned mot den vestre enden av Ytre Bøluvatnet. Like lettgått lyng på motsatt side, og ei lang og slak stigning seinare kunne vi sjekke inn på Kufjellet. På vegen opp fekk vi og auge på eit heller kvitmåla reinsdyr som gjekk for seg sjølv over snøfonnene, tilsynelatande uberørt av besøket. Ruta ned blei no lagt om Kufjellet Vest ned til vi var tilbake på stien som no kunne ta oss lett ned til utgangspunktet. Ein godt utnytta finversdag på Nordmøre!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.