Gjevilkasskamman (01.08.2020)

Written by aarvag (Steinar Aarvåg) GSM

Duration 9h 56min
Distance 26.6km
Vertical meters 1,672m
GPS
Ascents Hemre Gjevillvasskammen, Midtre topp Nord (1,461m) 01.08.2020
Store Gjevillvasskammen (1,627m) 01.08.2020
Indre Gjevillvasskammen (1,601m) 01.08.2020
Nordre Gjevillvasskammen (1,576m) 01.08.2020
Hemre Gjevillvasskammen (1,496m) 01.08.2020
Hemre Gjevillvasskammen, Midtre topp Sør (1,455m) 01.08.2020
Hemre Gjevillvasskammen, Søndre topp (1,334m) 01.08.2020
Midtre Gjevillvasskammen (1,412m) 01.08.2020

Full klaff med godver og helgefri! Camping på Rauøra og deretter ein lang dag over alle Gjevilvasskammane. Med sand mellom tærne etter natta starta vi dagen med fem tilnærma flate kilometer inn til Rensbekksetra. Deretter på god sti opp til Rensbekktjønna og vidare opp ura til Midtre Gjevilvasskam. Herifrå i artig terreng for armer og bein opp til Store Gjevilvasskam, som tydelegvis heiter Midtre, i alle fall om ein skal tru på boka på toppen (og det skal ein vel).

Deretter vidare i usedvanleg lettgått høgfjellsterreng som minna om ei blanding av betong og teppegolv via Indre Gjevilvasskam og til Nordre. Nokre telemarksvingar utan ski nedover snøfonna, ein litt seig motbakke, og vipps, så var vi på Hemre. Her innvilga vi oss ein god pause med både varmmat og utsikt mot ein av fleire store flokkar med tamrein i motsatt side av dalen.

Dagens største utfordring vart hakket mellom nord- og sørtoppen vidare langs ryggen, men med litt ruterekognosering for å finne tak for armer og bein, så kom vi da ned her og.

No gjenstod det berre å vaske seg rein i Gjevilvatnet etter endt tur, og akkurat dét greidde vi riktig så godt.

User comments

  • -
    avatar

    Fantastisk tur!

    Written by marlenelund 04.08.2020 20:31

    Takk for en fantastisk tur og minnerik helg, flott video!

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.