Soleibotntindane og Lauvnostinden (01.08.2020)

Written by JonOlavRingheim (Jon Olav Ringheim)

Map
Ascents Bukkanosi (1,674m) 01.08.2020
Lauvnostinden (1,970m) 01.08.2020
Nørdre Soleibotntinden (2,030m) 01.08.2020
Soleibotntinden S3 (2,015m) 01.08.2020
Store Soleibotntinden (2,083m) 01.08.2020
Søre Soleibotntinden (2,049m) 01.08.2020
Sørøst for Store Soleibotntinden (2,020m) 01.08.2020

Nydeleg tur ein varm august dag. Heile turen vart gjennomført i shorts og t-skjorte/baroverkropp Eg byrja ved Tverrelva. Derifrå gjekk/småsprang eg normalvegen opp til Store Soleibotntind. Det var sti nesten heilt til topps, så ein treng ikkje gå mykje i ur. Turen frå parkeringsplassen til Store Soleibotntind tok 1t og 5m. Eg tok meg ein liten matpause på toppen før eg gjekk ned mot Søre Soleibotntinden. Det var bratt og laust ned til skaret, men det gjekk greitt å komme seg ned. Frå botnen av skaret gjekk eg litt mot høgre (sør) før eg kleiv opp eit opptak på nokre få meter. Derifrå gjekk eg opp til Sørøst for Store Soleibotntind og så fulgte eg ryggen bortover. Det var svært smalt og luftig enkelte stader. På vegen tilbake gjekk eg ned på litt feil plass og måtte klatre opp att etter at eg syns det vart litt for vanskeleg klatring kombinert med mykje laus stein. Eg noterte meg bak øyre at det er lurt å merke seg kor ein skal returnere. På andre forsøk gjekk det greitt å komme seg ned, og resten av returen til Store Soleibotntind gjekk fint.
Etter ein kjapp tenkepause byrja eg på nedstigninga mot Nørdre Soleibotntinden. Det såg bratt og litt skummelt ut, men stort sett gjekk det greitt å finne ein overkommeleg veg heilt til eg kom til ei veldig bratt snørenne nederst i skaret. Då stod valet mellom å krysse snørenna eller å fortsette med småklyving heilt ned. Eg psyka først ut på å krysse snørenna utan steggjern eller isøks, men etter å prøvd å klyve ned laus, våt og litt vanskeleg klatring virka det som eit mykje betre val å krysse snørenna. Det hjalp også at eg vart teken att av to andre karar som kryssa snørenna før meg og som kunne forsikre om at det gjekk greitt. Nytt notat bak øyre: Ta alltid med steggjern og/eller isøks på litt krevande turar. Så gjaldt det å finne enklaste veg opp til Nørdre Soleibotntind. Etter litt rekognisering valgte me å klyve opp på nordvestsida. Det var eit godt val. Fast og fint fjell, og relativt lett klyving som gjekk fint både opp og ned. Deretter var det å fortsetje mot Lauvåstind. Hammaren sør for Lauvåstinden krever litt klyving, men av den lette sorten. Frå hammaren og ned mot lauvåstinden var det ein smal og luftig rygg, men akkurat brei nok til at ein kunne gå vanleg utan at det var ekkelt. Frå Lauvnnostind er var det berre å legge i veg så fort det lot seg gjere ned ura.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.