Gunung Batur (16.07.2010)

Written by Husomlykkjun (Jørn Olav Løkken)

Characteristic Hike
Map
Ascents Gunung Batur (1,690m) 16.07.2010 03:45
Soloppgang over Lake Batur
Soloppgang over Lake Batur

Del av gruppetur i Sørøst-Asia med G Adventures. Overnatta på hotell i den vesle fjellbyen Kintamani. Klokka kvart på fire stod vi opp, og møtte guiden vår (Det er ikkje lov å bestiga fjellet utan guide..). Vi tusla oppover med hovudlykt og litt varmare klede enn det ein vanlegvis forbind med Bali. Turen opp tok omlag 2 timar, og baud ikkje på all verdas utfordringar. Kraterkanten var nokre stader litt kronglete og smal, med eitt steg om gongen er ikkje det store problemet. Det er likevel verdt å nevna at de ter greit å vera forsiktig her: Ein svenske hadde hatt max uflaks her eit par månadar tidlegar da han ramla ned i krateret og omkom.
Gruppa på tur ned igjen.
Gruppa på tur ned igjen.

På toppen sneik guiden vår oss forbi ei stor ansamling turistar til ei meir avsidesliggande hytte, der vi sat og venta på soloppgangen. Soloppgangen her var verkeleg spektakulær. Absolutt ein av dei flottaste eg har sett! Herifrå ser ein ut over store delar av Bali, og med lake Batur og den ytre kalderaen som omkrinsar fjellet blir det eit flott skue. Etter soloppgang, rusla vi ned omlag same veg vi kom.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.