Storgrovhøe og Storgrovtind (31.07.2020)  6

Written by andreasperstad (Andrea Sperstad)

Start point Ytterdalssætre, Leirdalen (900m)
Endpoint Ytterdalssætre, Leirdalen (900m)
Characteristic Hillwalk
Duration 10h 00min
Distance 13.0km
Vertical meters 1,430m
GPS
Ascents Bakarste Storgrovhøe (2,259m) 31.07.2020
Fremste Storgrovhøe (2,253m) 31.07.2020
Storgrovtinden (2,229m) 31.07.2020

Kart: klikk her


Flott tur i nydeleg vêr med Pappa og Frode til Storgrovhøene. Vi la i veg frå Ytterdalssætre retning Heimre Illåbrean, og det var uproblematisk å krysse Heimre Illåe på høgde 1275 der den deler seg i fleire småbekkar. Etter at vi hadde lagt Illågjelet bak oss, såg vi at det også hadde vore kurant å krysse elva oppe ved breen. Vidare la vi kursen vestover over eit par moreneryggar og inn på lettgåtte snøfonner oppover mot Storgrovhøe. Det var ei formidabel utsikt som åpenbara seg når vi kom opp på ryggen! Frå Fremste var det spesielt fin utsikt ned i Bøverdalen, og her trefte vi dei 3 einaste personane vi såg på denne turen. Lettgått på ryggen over til den 6 meter høgare Bakarste Storgrovhøe.
Det var framleis tilnærma vindstille på toppen når vi sette oss ned for å nyte utsikta. Frode ville vente her og lade opp til nedfarten, medan far og datter kleiv nedover ryggen retning Storgrovtinden. Det var greit å komme seg nedover ryggen til ein siste hammer før skaret. Det hang rapellslynger rundt to forskjellige blokker på oversida av hammeren, og vi tok fram tau/seler og klatra ned til skaret. Gode tak, men noko utsett, så fint å ha sikring ned denne hammaren. Vi lot tauet henge att her til topptausikring på returen.
Vidare bortover ryggen var det eit flatt parti før eggen reiste seg smal og bratt mot Storgrovtinden. Litt småklyving i starten, men det gjekk overraskande greit til topps.
Vel attende til Bakarste satt Frode og kosa seg i solsteiken, og han hadde sett oss heile vegen på ryggen unntatt når vi sikra ned til skaret.
Returnen gjekk same vegen, og vi fekk god nytte av snøfonnene nedover. Vi var litt spente på om vannstanden til Heimre Illåe hadde auka i løpet av dagen, men det var like uproblematisk å krysse på returen. Nede ved Ytterdalssætre viste klokka at vi hadde vore ute i over 10 timar i det fantastiske vêret.

På tur oppover lia frå Ytterdalssætre med Loftet i bakgrunnen
På tur oppover lia frå Ytterdalssætre med Loftet i bakgrunnen
Heimre Illåe er vill og stri, men vi kryssa greit på høgde 1275.
Heimre Illåe er vill og stri, men vi kryssa greit på høgde 1275.
Oppe ved breen fekk vi fint utsyn mot Skardstind. Vi gjekk opp moreneryggen på venstresida.
Oppe ved breen fekk vi fint utsyn mot Skardstind. Vi gjekk opp moreneryggen på venstresida.
Formidabel utsikt mot Galdhømassivet når vi kom opp på ryggen mellom Fremste og Bakarste Storgrovhøe.
Formidabel utsikt mot Galdhømassivet når vi kom opp på ryggen mellom Fremste og Bakarste Storgrovhøe.
Også flott utsikt ned til Bøverdalen frå Fremste Storgrovhøe.
Også flott utsikt ned til Bøverdalen frå Fremste Storgrovhøe.
Storjuvbrean med Piggen bak
Storjuvbrean med Piggen bak
Andrea og Frode er tilfreds med vêr og utsikt
Andrea og Frode er tilfreds med vêr og utsikt
Dei siste meterane til Bakarste Strogrovhøe
Dei siste meterane til Bakarste Strogrovhøe
Eit flatt parti på ryggen
Eit flatt parti på ryggen
Ei fin tunge stikk ut over Storjuvbrean.  Storgrovtind bak
Ei fin tunge stikk ut over Storjuvbrean. Storgrovtind bak
Far/datter-selfie
Far/datter-selfie
Andrea på Storgrovtind med Piggen til venstre og Storjuvtinden til høgre
Andrea på Storgrovtind med Piggen til venstre og Storjuvtinden til høgre
Attendeblikk mot Storgrovhøe. Ein ser såvidt tauet vårt som heng att ned mot skaret. Vi klatra ned der den venstre taustumpen heng. Frode kosar seg på toppen
Attendeblikk mot Storgrovhøe. Ein ser såvidt tauet vårt som heng att ned mot skaret. Vi klatra ned der den venstre taustumpen heng. Frode kosar seg på toppen
Meget tilfreds kar på Storgrovtind
Meget tilfreds kar på Storgrovtind
Andrea med ein meir direkte variant opp frå skaret. Langt enklare nokre meter til høgre
Andrea med ein meir direkte variant opp frå skaret. Langt enklare nokre meter til høgre
På tur ned med Illågjelet bak
På tur ned med Illågjelet bak

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.