Hemsedaltur dag 2: Ranastøngji (23.07.2020)

Written by Hansi (Hans Thorvald Nygaard) GSM

Map
Ascents Ranastongi (1,903m) 23.07.2020
Ranastongi trig pkt (1,900m) 23.07.2020
Østre Ranastongi (1,888m) 23.07.2020
Steinbunøse (1,775m) 23.07.2020
Storebottegge (1,829m) 23.07.2020
Storebottegge Ø3 (1,810m) 23.07.2020
Visits of other PBEs Ranastongi parkering (1,150m) 23.07.2020
På Hydalsberget
På Hydalsberget
På Østre Ranastøngji
På Østre Ranastøngji

Etter ei natt i bilen ved parkering åt vi frukost i bilen og gjorde oss klare til å gå på tur. Målet for turen var Ranastøngji og Storebottegge, som er på pf100+ lista i Vang. Medan vi åt kom det tre biler til, og før vi gjekk i vegen hadde dei tre turfølgjane gått i vegen før oss.

Vi følgde det gode råket opp til 1400moh, derifrå gjekk vi i terrenget til Hydalsberget. Ein del gras til å byrje med, etter kvart berre ur. Frå Hydalsberget gjekk vi til Østre Ranastøngji. Bratt frå 1620moh litt over 1700moh, deretter slaka det ut, før det vart ein lang, slak steinvidde til toppen. På toppen var det mykje stein å ta av, så vi kunne ha bygd ein stor varde, men vi tok oss ikkje tid til det.

På veg til Ranastøngji
På veg til Ranastøngji
På Ranastøngji
På Ranastøngji

Det var morosamt og sjå på rekka av folk som kom og gjekk på sjølve Ranastøngje. Mykje folk der denne dagen. Folksamt på trig.punktet, ingen andre enn oss på høgaste punkt. Ikkje så rart, heilt umogleg utan GPS å sjå kvar det faktisk var høgast.

Turen frå Ranastøngji til Storebottegge var ein uendeleg lang steinvidde, med berre ur. Med unntak av eit bratt parti frå 1700moh til 1800moh på veg opp til Storebottegge var det temmeleg flatt. Eigentleg litt kjedeleg turterreng, men heldigvis fin utsikt.

Mot Rankonøse, Grindane og Jotunheimen frå Ranastøngji
Mot Rankonøse, Grindane og Jotunheimen frå Ranastøngji
På Storebottegge
På Storebottegge

Etter Storebottegge var vi ikkje heilt sikre på kvar vi ville gå vidare. Vi hadde snakka om å ta med Sør for Storebottskardet og Såta, så vi gjekk ned mot dei. Vi fann fort ut at turen allereie var lang og tung nok, og at vi ville ha krefter til ein tur dagen etterpå. Så vi droppa å gå oppom dei to toppane.

Vi gjekk ned mot Øvre Storebotnen og til Nedre Storebotnen. Her var det veldig fint terreng å gå i. Råket som er teikna inn aust for Storebottåne eksisterte heldigvis, det var veldig fint å følgje attende til Vabuleino. Ned råket traff vi på eit par som var ute på ein liten kveldstur.

Etter turen køyrde vi ned til Tuv, og oppover Mørkedalen. Der fann vi ein grei rasteplass, og overnatta i bilen.

Hurrungane frå Storebottegge
Hurrungane frå Storebottegge
Høgeloft frå Storebottegge
Høgeloft frå Storebottegge
26,7km - 1207hm - 10t 15min
26,7km - 1207hm - 10t 15min

Detaljert rutekart hos Kristine

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.