Hemsedaltur dag 4: Røgjin, Systerskardfjellet og Skogshorn (25.07.2020)
Written by Hansi (Hans Thorvald Nygaard)
Ascents | Hamarskardtoppen (1,444m) | 25.07.2020 |
---|---|---|
Røgjin (1,370m) | 25.07.2020 | |
Skogshorn (1,728m) | 25.07.2020 | |
Storebottnuten (1,476m) | 25.07.2020 | |
Systerskardfjellet (1,498m) | 25.07.2020 | |
Røgjin sør (1,367m) | 25.07.2020 | |
Visits of other PBEs | Buaklanten (1,200m) | 25.07.2020 |
Fløgatjerne parkering (1,027m) | 25.07.2020 | |
Holdeskarveien (650m) | 25.07.2020 | |
Skogshorn p-plass (895m) | 25.07.2020 |
Vi vakna opp til fint vêr i Mørkedalen, og køyrde til Hemsedal og åt frukost. Vi køyrde så inn bomvegen ved Hemsedal Skisenter. Vi hadde snakka om å gå på Røgjin og Totten.
Røgjin vart første topp ut. Vi parkerte i vegkanten der råket byrjar. Flott råk oppover. Vi vurderte å ta ruta som er teikna inn rett oppover, men det såg veldig dårleg ut, så vi gjekk hovudråket.
Flott tur, og fin utsikt. Denne turen møtte vi mykje folk, så det er ein populær topp.
Vi hadde eigentleg tenkt til å ta Totten som tur to, men vi fann ut at vi heller ville ta Storebottnuten og Systerskardfjellet. Vi parkerte på den store parkeringa ved Fløgatjerne. Derifrå gjekk vi vegen litt oppover, før det vart godt råk til Buaklanten. Godt råk også vidare til Systerskardet. Vi gjekk først på Storebottnuten, så på Systerskardfjellet.
På Systerskardfjellet vart vi einige om å utvide turen, og ta med Hamarskardtoppen. Fint å gå bort dit. Der snakka vi om å utvide turen, og ta med Totten. Men vi vart einige om at det var best å avslutte turen der, og gå til bilen og ete før vi eventuelt gjekk på Totten.
Ned frå Hamarskardtoppen hadde vi sett eit råk innteikna på kartet. Det var fint terreng til å byrje med ned frå Hamarskardtoppen, men etter kvart vart det berre kratt. Råket dukka aldri opp, og vi gjekk i krattet heilt ned til Sprikevollen.
Vi hadde så tenkt til å gå på Totten om vi kunne køyre heilt opp til den øvste parkeringsplassen. Det gjekk ikkje, og vi orka ikkje å gå åtte kilometer tur/retur og 600 høgdemeter.
Vi drog derfor til Hemsedal og åt burger på eit gatekjøkken. Medan vi satt der kom turlysten og formen attende, og vi bestemde oss for å gå på Skogshorn.
Vi parkerte på parkeringa til Skogshorn, 55 kroner kosta det. Råket oppover var veldig bra, og turen opp gjekk overraskande lett. Rett under ein og ein halv time opp. Vi møtte nokre folk på turen, men ikkje så mange. Flott tur.
Etter turen drog vi heim til Slidre. Det vart fire fine dagar i Hemsedal.
User comments