Hemsedaltur dag 1: Hallenuten og Solgladberget (22.07.2020)
Written by Hansi (Hans Thorvald Nygaard)
Ascents | Hallenuten (843m) | 22.07.2020 |
---|---|---|
Solgladberget (1,332m) | 22.07.2020 | |
Solgladberget Sørøst (1,325m) | 22.07.2020 | |
Visits of other PBEs | Fagersetvegen (690m) | 22.07.2020 |
Hallenuten p-lomme (705m) | 22.07.2020 | |
Hydalsvegen automatbom (1,062m) | 22.07.2020 | |
Ranastongi parkering (1,150m) | 22.07.2020 | |
Solgladberget p-plass (1,123m) | 22.07.2020 |
Vêrmeldinga viste nokre dagar med fint vêr, så vi bestemde oss for nokre dagar i Hemsedal. Denne dagen var det ganske bra vêr, men mykje vind, så vi drog ikkje så tidleg frå Slidre. Målet var å ta eit par småturar i Hemsedal.
Etter nokon stopp i Leira og Hemsedal, drog vi innover Grøndalen. Vi betalte dei 20 kronane det kosta å køyre inn Fagersetvegen. Der parkerte vi i vegkanten og gjekk den lette turen på godt råk opp til til Hallenuten. Ganske fin utsikt på toppen, men mykje vind.
Vidare køyrde vi inn Hydalsvegen, og parkerte ved Oset sør for Vavatn. Derifrå gjekk vi til Solgladberget. Vi følgde bilveg opp til den øvste hytta, og råk derifrå. Fin tur og flott utsikt.
Etter turen køyrde vi inn til Ranastøngji parkering. Der åt vi middag før vi overnatta i bilen.
User comments