Stora Blåfjell - lengre tur enn planlagt (24.07.2020)
Skrevet av bakken59
Bestigninger | Stora Blåfjell (1253moh) | 24.07.2020 |
---|
Etter overnatting i Sand drog vi av stad oppover mot Suldal, tok av mot Gullingen og Blåsjø, og gledde oss veldig til tur i optimalt turver. Sol, lite vind og 12-14 grader. Fekk nesten sjokk då vi køyrde inn i første tunnelen før Oddevassdammen og skulle ut igjen. Opninga var ei trang sjakt med kjempehøge snøkantar på begge sider! Den neste tunnelen var delvis full av snø, men vi lirka oss no ut til parkeringsplassen ved Oddetjørndammen og fekk dagens nedtur: vegen vidare var stengt! Vi kalkulerte raskt at dette ville leggje til 12 km på turen som vi hadde planlagt skulle vere på 14 km. Vêret var perfekt, vi hadde med nok mat, så vi bestemte oss for å gjennomføre ein lang variant. Etter eit par hundre meter møtte vi to karar i gravemaskin, og dei arbeidde seg ned for å rydde vegen. Det gav brøytekantar på 5 meter nokre stader. Dei kunne fortelje at heile den siste tunnelen hadde vore full av snø, og at snødybda i vinter hadde vore fire meter på flat mark. I 2015 var det også sein rydding av vegen, men ikkje like ille som no. Vi ønskte kvarandre lukke til, og Tom og eg la i veg inn mot opphavelege startpunkt. Nokre stader var vegen bar, men mange strekk var snødekt av digre fenner. Vi kom fram til Førresvassdammen etter dryge 1,5 timar. Derifrå gjekk vi 1,1 lette kilometer over demningen og heldt fram på anleggsvegen som stort sett var snødekt. Etter ein knapp km tok vi av mot venstre og følgde t-merkt stig i stort sett bart terreng. Deilig! Vi kryssa sundet i Stora Gilavatnet på t-merkt hengjebru, og hadde dagens første rast eit stykke etter. Etter å ha fortsatt eit lite stykke, skar vi av frå stigen inspirert av haky, og fann veldig god trase på berg, men mest på snø opp til toppen. Vi gjekk ca 3 km utan stig mot toppunktet, og var framme etter 4 timar og 8 minutt. Rasta med sjokolade og saft på toppen. Fann flotte bergkrystallar på veg frå toppunktet. Det gjekk radig ned til t-stigen, gjekk greitt over brua, og tok dagens andre matpakke ikkje så langt frå anleggsvegen. Vi var eigenleg heilt forsynt med tur då vi kom fram til Førresvassparkeringa, men måtte pent gå dei siste kuperte km på veg og snø tilbake til bilen. 26,2 km, 8 timar og 17 min totalt. 866 hm. Tom var lojalt og positivt med!
Kommentarer
Her leker man
Skrevet av Stigun 25.07.2020 10:04tydeligvis ikke kommunetoppsamling! Helt utrolige snømengder! Gratulerer med en av de tunge k-toppene i Sørvest-Norge og med flere andre flotte turer i vårt sørfylke!
Sv: Her leker man
Skrevet av bakken59 25.07.2020 10:19Takk! Det var faktisk ei stor oppleving å oppleve slike snøforhold 24. juli! På ikkje meir enn 1000 moh.
Sv: Sv: Her leker man
Skrevet av Stigun 25.07.2020 10:29Ja, helt utrolig! Minner litt om 24.juli 2015, som også var et formidabelt snø-år med kald forsommer. Denne datoen var det fortsatt snøflekker på byfjellene i Bergen!!!
Sjokkerende
Skrevet av morsor 25.07.2020 02:24Mye snø langt utpå sommeren ! Tøft å gjennomføre til tross for overraskelser.