Rundt Sulene (24.07.2020)

Written by simenee (Simen Einmo Engdal) GSM

Duration 6h 17min
Distance 12.7km
Vertical meters 1,244m
GPS
Ascents Sula Sør (1,102m) 24.07.2020 13:12
Ytre Sula (1,318m) 24.07.2020 14:16
Indre Sula (1,326m) 24.07.2020 14:57
Gråfjellet (1,105m) 24.07.2020 15:42
Visits of other PBEs Svinviksetra p-plass (380m) 24.07.2020 11:04

Det såg ut til å skulle kome eit lite finversvindu i ein ellers begredelig juli måned her på nordvestlandet, og statsmetrologane hadde jobba seg fram til spådommer om både opphald og solgløtt. Eit dårleg stykke handarbeid skulle det derimot vise seg, og turdagen blei tilbrakt i skodde, nedbør og øvrig gråvær. Ein stoppar for planene blei det uansett ikkje, og seint på formiddagen mønstra eit turlag på fem nede ved vannkraftverket, kledd i goretex og anna vannavstøtande bekledning.

Den kjente og godt markerte ruta opp til Ytre Sula blei utvida med ein avstikkar til Sula Sør for smultringanes skuld. Vegen hit gjekk på skå bortover lia eit godt stykke opp mot Ytre Sula, før det bar litt ned og så opp igjen. Været gjorde sitt til at ura var våt og sleip, og feste i skotøyet blei verkeleg satt på prøve. Vel opp på Sula Sør blei det ein kort rast, før det bar meir eller mindre rett opp den lause ura mot Ytre Sula.

Oppe på Sula Sør. Speider mot ei godt gøymt Indre Sula.
Oppe på Sula Sør. Speider mot ei godt gøymt Indre Sula.

Oppe ved Ytre Sula blei det ein litt lengre rast inne ved den store varden som står litt nedanfor sjølve toppunktet. Her fann vi slik le som var å oppdrive, og det blei både kaffesup og klesskifte. Langbokse og vantar på, og rett vidare ned ryggen mot Indre Sula. Opp hit hadde alle med unntak av ein i turfølgjet våre før, så fire av fem tok vegen opp, medan ein gjekk for å sondere terrenget ned mot Gårfjellet. Opp mot Indre Sula låg det no litt snø, på grensa til det ein kan kalle nysnø, og det gjorde den vanligvis så fine vegen opp hit eit lite knepp vanskelegare, men framleis heilt greit. Vel opp var det kjent utsikt rett inn i skoddehavet.

Oppe ved vardane på Indre Sula. Utsikta let vente på seg, men trollsk stemning i det minste.
Oppe ved vardane på Indre Sula. Utsikta let vente på seg, men trollsk stemning i det minste.
Rett ned att og gjenforening med sistemann som hadde staka ut kursen nedover mot Gråfjellet. Fint nedover her, og også veldig greit opp til Gråfjellet. Litt byggearbeid på varden før vi gjekk og søkte etter le. Fant noko som likna no når vinden hadde roa seg litt, så det blei ein siste rast før vi gjekk ned under Sulene og over myrene ned der stiene møtes nede ved Suloppkommet.
Toppvarden på Gråfjellet inntatt. Turkameraten bakerst hadde satsa litt vel friskt og lagt att hanskane heime, og var no ivrig på å kome seg ned til bilen.
Toppvarden på Gråfjellet inntatt. Turkameraten bakerst hadde satsa litt vel friskt og lagt att hanskane heime, og var no ivrig på å kome seg ned til bilen.

Konklusjonen blei at dette må være ein veldig fin tur på dagar som byr på litt bedre utsikt enn det vi fekk i dag. Ruta byr på mykje lettgått terreng, og er ein først oppe på Indre Sula er nok returen om Gråfjellet like så fin som returen over Ytre Sula.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.