Lysekammen - fin tur med seig start (22.07.2020)  5

Written by bakken59 GSM

Characteristic Hillwalk
Duration 6h 45min
Distance 14.8km
Vertical meters 971m
GPS
Ascents Lysekammen (1,304m) 22.07.2020

For seks år sidan hadde vi planlagt å ta denne turen, men vakna til skodde og regn, og droppa det. Etter å ha gått turen i dag, tenkjer eg det var lurt, regn og skodde passar ikkje på denne turen ( eller kanskje ikkje for toppturar i det heile tatt?). Hauane b&B held stengt denne coronasommaren, men eg tok ein telefon, og anleggsvegen er open i heile sommar. Heldige der! Starta ikkje før nærmare 1100, for vêret var meldt betre utover dagen. Gjekk frå Tangastølen. Opp til stølen, og så bratt opp til høgre for den vesle fortoppen, fekk sjå fossen med ein minibolt, kryssa bekken nedanfor fossen og gjekk over den vesle fortroppen og kom så opp skardet. Der opna det seg ein fin grasdal med bekk og sauer. Fin stad. Drog så opp langs bekken, to-tre trange skard måtte vi passere, før vi var på toppen av skardet til venstre for Strålaus. Så rutsja vi ned to store snøfenner, til botnen av bekkedalen nedanfor. Følgde elvegjelet, kryssa eit par bekkelaup, og så starta vi det fine svabergstrekket mot toppen. Lett å gå på stort sett tørre berg, mange store snøfenner. Fann hovudvarden greitt, og åt niste i le der. Det smakte med tørre klær, dunjakke, lue og matpakke og solbærtoddy. Tom meinte at den store varden var topp god nok for han. Eg dura bort til dei to andre kandidatane lenger nord, dei to små vardane og bolten 20 meter derifrå. La ein stein oppå den som låg der frå før.
Heimturen gjekk greitt. Bergstrekket var like lettgått, og vi gjorde eit litt betre vegval i bekkedalen, vi tulla oss ikkje ned i elvegjelet, men kryssa bekken lengre opp til høgre, og gjekk lyngbakkane bort til høgre side av den store snøfonna. Snøstrekket blei mykje kortare og vips så var vi på toppen av skardet. Vêret blei betre og betre, og den fine grasdalen var enda finare i ettermiddagssol. Vi bestemte oss for å ta ein trase meir mot høgre ned dei bratte henga. Då gjekk vi oss nesten fast over det regulerte elvefaret, men tok til høgre før demningen, og der var det rett og slett fin stig! Så den følgde vi nesten ned til elva. Trur det vanskeleg skal gjerast å finne ein god trase opp denne lia. Vi såg 10 ryper på turen og ferske spor av eitt reinsdyr. 14,8 km, 971 hm, 5 t 20 min gåtid, 6 t 43 min totalt inkludert tre rastepauser. Tom var med.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.