Kjerag i grått vær (21.07.2020)  4

Written by bakken59 GSM

Characteristic Hillwalk
Duration 4h 00min
Distance 10.8km
Vertical meters 805m
GPS
Ascents Nesatindane (1,000m) 21.07.2020
Visits of other PBEs Kjeragbolten (990m) 21.07.2020

Køyrde frå hytta i Telemark til Øygardsstøylen. 300 kr for å parkere. Stivt! Tydelege åtvaringar frå parkeringsvakta som lova oss skodde og regn og 10 sekundmeter vind. Men vi roa han ned med at vi var godt utstyrt, og han endte med å seie at den estimerte tida på 5 timar var romsleg. Norske turgåarar i OK form burde greie det på fire sa han. Det gjorde vi, 3 t 30 gåtid, 3.59.40 totalt! Vi fekk både regnskurer og litt vind, men heldigvis også utsikt! Vi var heilt rett kledd, supert med skihansker med tanke på alle kjettingane som var monterte i dei brattaste svapartia. Fine sherpatrapper fleire stader. Sjølv om det regna, hadde vi ikkje problem med feste, støvlane sat godt på ruglete berg. Vi gjekk først til Kjeragbolten som vi ikkje gjekk utpå. Heilt utenkjeleg når ein koplar på berre litt fantasi! 990 meter rett ned. Tom hadde nok tort, i alle fall med sikring. Det hadde vi ikkje med oss, og eg la ned veto. Etterpå gjekk vi ut på Nesatindane. Då var vêret på sitt aller verste dessverre, men vi fekk ordentleg kjenne på avgrunnskjensla! Vi gjekk ikkje opp på høgaste toppen, det regna ganske friskt og toppen låg i skodde. Feigt, men kjendest ut som rette valet nett då. Gjekk veldig greitt tilbake. Tom var med. 10,8 km, 805 hm, 3,5 netto gåtid, 4 timar borte frå bilen. Ned til Lysebotn for å overnatte. Lysekammen ventar!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.