Storfjellet og Bollknubben (18.07.2020)

Written by simenee (Simen Einmo Engdal) GSM

Duration 4h 58min
Distance 10.5km
Vertical meters 874m
GPS
Ascents Storfjellet (867m) 18.07.2020 11:12
Bollknubben (871m) 18.07.2020 12:49

To mann svingte seg opp bratta innover Kvennødalen og parkerte til slutt bilen i ein lomme ved stistart til setrene på sørsida av Kvenndøla. Etter at turfølgjet hadde fått i seg ein heller improvisert frokost var det berre å snøre på seg skoa og legge i veg over myra. Ved Kvenndøla er det ei bru som gjer kryssinga uproblematisk, men byggverket er ikkje av året, og ein skal ikkje leggje for mykje lit i armstøttene på tur opp den heller bratte tretrappa. Vel over er det sti innover den eventyrlig passasjen gjennom bjørkeskogen inn til setrene med navn Garden, kor ein på andre sida finn stien som går opp lia. Tråkket opp her er overraskande tydeleg og lettgått, og fint å følgje heile vegen til toppen av lia.

Vel oppe blir ein møtt av meir myr, og ein må nok budsjettere med å ikkje kunne gå tørrskodd om ein ferierar i dette området. Herifrå var no plana og ta seg relativt direkte opp til Storfjellet, ei heller dårleg plan skulle det vise seg. Opp frå denne sida blir det etter kvart rett så tett med småbjørk og anna ugras, og bregnene nådde oss etter kvart opp til haka når vi strabasiøst tok oss opp ei stadig brattare li. Til slutt nådde vi fram med steinura oppunder fjellveggen til Storfjellet, og gikk så litt nordvestover for å finne ei noenlunde grei oppstigning til topplatået. Vel oppe blei forholda bedre, og vi spankulerte relativt lystig forbi den største varden og opp til toppunktet. Nokre få regndråpar var det å spore, men alt i alt ungjekk vi dei små regnbygene som bevegde seg i området rundt oss.

Frå nedstigninga frå Storfjellet. Fint skue inn mot Sulene.
Frå nedstigninga frå Storfjellet. Fint skue inn mot Sulene.

På veg ned fortsatte vi over i retning Sulene og fann ei rett så fin nedstigning i åpent og lettgått terreng. Ruta opp burde nok også ha blitt lagt her om. Vel nede på flata var det no lettgått og fint over slettene/myrene her nede, og opp til Bollknubben på motsatt side gikk alt rett så fint. Her fekk vi og eit vakkert skue over Todals- og Stangvikfjorden, og det blei ein god rast i slike flotte omgivelser. Etter å ha pakka ned termos og sitteunderlag fortsatte vi no over og ned på motsatt side av der vi kom opp, og returnerte over myrene til stien ned lia. Våte sko no, men lystige til sinns, og dermed lett og fint ned til bilen.

Fjord og fjell i skjønn forening er det få som gjer så godt som Nordmøre.
Fjord og fjell i skjønn forening er det få som gjer så godt som Nordmøre.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.