Toppar rundt Lemonsjøen og Randsverk (08.07.2020)
Skrevet av Hansi (Hans Thorvald Nygaard)
Bestigninger | Sør for Gråhøe (1250moh) | 08.07.2020 12:26 |
---|---|---|
Gråhøe (1290moh) | 08.07.2020 12:41 | |
Veslvassfjellet (1192moh) | 08.07.2020 14:35 | |
Trollhøe (1370moh) | 08.07.2020 16:36 | |
Kalvfjellet (1338moh) | 08.07.2020 16:53 | |
Ørnkampen (1162moh) | 08.07.2020 19:32 | |
Andre besøkte PBE'er | Lemonsjøen / Gråhøe parkeringslomme (953moh) | 08.07.2020 11:56 |
Valdsætervegen P-lomme (870moh) | 08.07.2020 13:53 | |
Lemonsjø Fjellstue og Hyttegrend (880moh) | 08.07.2020 15:20 | |
Ørnkampen/Rindhovda parkering | 08.07.2020 18:47 | |
Brannvakthytta Rindhovda (1155moh) | 08.07.2020 19:36 |
Fire turar rundt Lemonsjøen og på Randsverk.
Oppover til parkeringa på Gråhøe stod det fleire skilt med inga parkering i vegen, men vi val å perkere der uansett. Sparte ein god del høgdemeter på det. Veldig fin tur, på godt råk. Ganske populær tur, og vi møtte fleire.
Vêrmeldinga hadde vist at det skulle vere opphaldsvêr, men ein del vind. På køyreturen over Flya kom det ein del kraftige skurar, men vi slapp unna alt av regnvêr. Mye vind var det heile dagen.
Tur to vart opp til Veslvassfjellet. Veldig bra råk her og. Tungt opp skogen, veldig fint i høgda.
Tur tre vart til Trollhøe og Kalvfjellet. Veldig bra råk, og vi møtte mange folk. Flott utsikt på toppen. Nede at på Kalven seter prøvde vi oss på presisjonsskudd med sprettert. Kristine traff ein gong, eg ingen. Litt surt, det.
Etter turen åt vi middag i bilen, før vi drog til Randsverk for dagens siste tur. Den gjekk på Ørnkampen. Den nye Brannvakthytta på toppen var veldig flott, så vi satt inne der ganske lenge.
Vi avslutta dagen med å køyre inn Fuglsetervegen. Der vart det et raskt bad i Rinda før vi overnatta i bilen på ein liten parkeringslomme.
Benutzerkommentare
Høyt fjell
Geschrieben von Larspet 13.07.2020 00:34Rått å få med seg en 5k topp på turen også ;)
Sv: Høyt fjell
Geschrieben von Hansi 13.07.2020 07:49Ja, ikkje sant!?
Oppretta toppen etter turen, og da gjekk det ikkje å gje den riktig høgde, og får ikkje retta det nå.
Sv: Sv: Høyt fjell
Geschrieben von Nils 13.07.2020 19:14Nå har den rett høyde. ;-)
Sv: Sv: Sv: Høyt fjell
Geschrieben von Hansi 13.07.2020 21:24Supert!
Gråhøe
Geschrieben von Flugis 12.07.2020 00:08Vi ser varden fra kjøkkenvinduet på hytta vår ved Flatningen. Og vi var der. neste gang får dere komme innom for en fjellprat. Fredag var vi på Heranoshøe.
Sv: Gråhøe
Geschrieben von Hansi 12.07.2020 21:57Takk for det. Flott område dere har hytte i! Vi var på Heranoshøe på torsdag, utrolig flott utsikt der.