Hemnafjellet, andre tur for dagen (06.07.2020)  3

Skrevet av bakken59 GSM

Turtype Fjelltur
Turlengde 3t 44min
Distanse 14,3km
Høydemeter 833m
GPS
Bestigninger Hemnafjellet (680moh) 06.07.2020
Nordøst for Hemnafjellet (678moh) 06.07.2020

Etter å ha gjort unna Beingårdsheia, drog eg til Statland og fylte bensin, og kjøpte meg litt meir drikke og eit wienerbrød. Så psyka eg meg opp og køyrde inn forbi Sundsvatnet. Følgde beskrivinga på ut.no. Dessverre var grusvegen stengt, så eg måtte gå nesten ein kilometer på veg før eg fann staden der stolpane som markerer heile traseen starta. Var ganske mør og støl, så eg eg bestemte meg for å gå roleg og jamnt. Det gjekk veldig fint! Stoppa ikkje i det heile, og greidde å halde ei jamn fart heile vegen opp. Veret endra seg dessverre. Det bles meir og meir, og toppen var gøymt i skyer då eg var komen så høgt opp at eg kunne ha sett han. Skikkeleg surt blei det, og då eg kom fram til varden, var det deilig å ta på tørr trøye og dunjakke med hette. Åt wienerbrødet og drakk litt solo på fem minutt. Gjekk også bortom bygningane, før eg snudde og gjekk så raskt eg greidde nedatt. Nøgd med å ha gjennomført to turar på same dagen, og glad for at den siste var med stig. Det er mykje lettare! 14,26 km, 3 timar og 42 minutt, 833 hm. Gjekk aleine.

Kommentarer

  • -
    avatar

    Ingenting mot forholda dykkar!

    Skrevet av bakken59 07.07.2020 20:26

    Las med hakeslepp beskrivinga til Knut Sverre av turen dykkar. De må vere laga av stål! PS: buhunden vår, Uncas, Døydde 14 år gamal i 2018. Hyggjeleg å sjå at fleire har ei historie ned James F Cooper!

  • -
    avatar

    Flere som har hatt

    Skrevet av Stigun 07.07.2020 17:22

    det ruskete på denne toppen ;-) Kanskje navnet egentlig betyr

    "Hevnafjellet" :-)

    • -
      avatar

      Sv: Flere som har hatt

      Skrevet av Stigun 07.07.2020 20:39

      Ja, det var et artig sammentreff.Observasjonen/antagelsen din er helt korrekt, Uncas har med fascinasjon for JF Cooper og "Siste mohikaner" å gjøre(inkl. filmatiseringen fra 1980-tallet eller deromkring med den monumentale filmmusikken)

      • +
        avatar

        Sv: Sv: Flere som har hatt

        Skrevet av bakken59 08.07.2020 00:02
Tittel:
Tilgjengelige tegn: 1000
Kommentartekst:
Du må være innlogget for å skrive kommentarer.