Golsfjellet (06.07.2020)

Written by Hansi (Hans Thorvald Nygaard) GSM

Map
Ascents Veikulnatten (1,037m) 06.07.2020 12:52
Holtelifjellet (1,152m) 06.07.2020 15:02
Holtelifjellet nord (1,083m) 06.07.2020 15:15
Kyrkja (1,063m) 06.07.2020 15:50
Rauddalsfjellet (1,205m) 06.07.2020 17:03
Visits of other PBEs Liagardsvegen/Søråsvegen bom (490m) 06.07.2020

Tur på Golsfjellet. Vi køyrde til Gol, og så fjellvegen til Bagn. Undervegs gjekk vi fire turar.

Den første turen gjekk til Veikulnatten. Vi parkerte der råket tar av frå vegen til Grangard. Råket var ganske blautt, men veldig bra. Flott utsikt mot Gol og Hemsedalsfjell, men gasnke sterk vind på toppen. Fin tur.

Vidare køyrde vi til Holtelifjellet. På skilt ved stistarten sto det 2,2 km, men det var 2,9. Eigentleg en veldig fin tur, men i dag hadde vi regnvêr og sterk vind.
Etter denne turen gjekk vi den veldig korte turen på Kyrkja. Vi køyrde heilt opp til Brennsætre og gjekk dei korte metrane derifrå.

Vi hadde eigentleg tenkt til å prøve å komme oss på Vardefjell i Nesbyen, men ein låst bom ved Andsjøen stoppa det. Eigentleg ikkje lenger enn at vi hadde kunna gått turen, men det freista ikkje i dagens vêr.
Så vi snudde, og drog Rauddalen. Grei tur opp til Rauddalsfjellet. Ein del vind, men ikkje noko regn. Fin utsikt frå toppen.

Med dagens tre toppar, er den vesle +100pf-lista i Gol komplett.

På Veikulnatten
På Veikulnatten
Mot Gol og Hemsedalsfjell frå Veikulnatten
Mot Gol og Hemsedalsfjell frå Veikulnatten
Spøkelsekladden på veg til Holtelifjellet
Spøkelsekladden på veg til Holtelifjellet
På Holtelifjellet
På Holtelifjellet
På Nord for Holtelifjellet
På Nord for Holtelifjellet
På Kyrkja
På Kyrkja
På veg til Rauddalsfjellet
På veg til Rauddalsfjellet
På Rauddalsfjellet
På Rauddalsfjellet

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.