Telttur og Rundtur til Høgevarden og Styggeheia (26.06.2020)

Written by Danielv (Daniel Vårdal Wulfsberg)

Map
Ascents Høgevarden (788m) 26.06.2020
Styggeheia (796m) 26.06.2020

Kjørte mot Guddalen og parkerte langs veien der stien mot Alverstølen begynner.
Sto på eit skilt at det skulle gå sti heilt til Høgevarden.
Begynte turen seint på ettermiddag så planen var å gå eit stykke til eg fann ein fin plass å slå opp teltet, helst over tregrensa.
Fin sti oppover til eg kom til enden av Gaddevatnet. Der slutta stien på kartet så rekna med det ikkje var meir sti oppover.
Gjekk bratt oppover gjennom ein del kratt mot Djupevatnet.
På toppen når eg såg vatnet fant eg stien igjen, det må vere lenge sidan her var merka for rødmalinga er nesten slitt vekk på steinane.

Gjekk eit lite stykke til mot Høgevarden der eg fann ein fin teltplass.

Sto opp tidlig neste morgon og gjekk mot Høgevarden etter ein bedre frukost med egg og bacon på primusen:)
Lot mesteparten av tinga ligge igjen i teltet.
Deretter gjekk turen forbi Namnlausvatna mot Styggeheia, her kom eg etterkvart inn på T-merka sti som eg fulgte eit stykke på veien tilbake fra Styggeheia igjen.

Tok av fra stien ved Namnlausvatna der den går nedover mot steiestølen og satte kursen mot Djupevatnet. Etterkvart såg eg teltet langt vekke oppe på ryggen over vatnet.
Gjekk over ein del snø på vei tilbake mot teltet.
Pakka ned teltet og satte kursen tilbake mot bilen. Fann stien som eg mista på vei opp når eg gjekk nedover mot Gaddevatnet.
Var nede ved bilen i 4 tida på ettermiddagen. Kjempeflott tur!

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.