Berdalseken (04.07.2020)
Written by Hansi (Hans Thorvald Nygaard)
Start point | Parkeringa sør for Øvre Smeddalsvatnet (930m) |
---|---|
Characteristic | Hillwalk |
Duration | 8h 37min |
Distance | 20.4km |
Vertical meters | 1,394m |
Map |
Ascents | Slutenosi sør (1,414m) | 04.07.2020 10:41 |
---|---|---|
Slutenosi (1,503m) | 04.07.2020 11:20 | |
Berdalseken (1,814m) | 04.07.2020 13:19 | |
Aust for Samfellevatnet (1,418m) | 04.07.2020 14:51 | |
Loppenosi (1,611m) | 04.07.2020 15:51 |
Berdalseken har vi sett på i heile år. Vi hadde eigentleg tenkt til å ta han på ski, men vinteren strakk ikkje til. Så med bra vêrmelding vart dette dagen. Og for et vêr det vart! Litt kald trekk, men ikkje mykje. Strålande sol, som varma godt, heile dagen, og nesten ikkje ei sky på himmelen.
Vi parkerte på parkeringa på starten av anleggsvegen inn Valdresdalen. Vi følgde anleggsvegen innover eit stykke, før vi gjekk oppover råket på nordsida av Slutedøla. Dette råket følgde vi berre opp til det flata ut i Slutedalen. Derifrå gjekk vi oppover fjellsida mot topp 1416moh, som vi oppretta som Slutenosi sør. Vidare var det fin rygg å gå til Slutenosi.
Frå Slutenosi sikta vi mot å runde Ljotetjørn på høgre sida. Vi gjekk på nordsida av Ljotetjørn, og på nedsida av topp 1656moh. Stadvis ganske bratt i skråninga her, men greitt å gå. Vidare var det ein del snø, og veldig fint å gå opp til Berdalseken. Flott utsikt på toppen.
Ned frå Berdalseken sikta vi oss inn på ei snørenne, men vi fann ut at den var for bratt og med for dårlege snøforhold til å ake på ein trygg måte. Elles var det greitt å gå til Samfellevatnet, og nokre brukbare snørenner fann vi. Før Samfellevatnet oppretta vi den vesle toppen Samfellevatnhaugen (1418moh).
Tungt med dei neste 280 høgdemetrane opp til Loppenosi. Loppenosi var ein fin topp, men toppboka som vart lagt ut april 2019 tydar ikkje på mye besøk; færre enn 70 har skrive seg inn. Returen frå Loppenosi var fin. Vi fann lange renner å ake på ned til Slutevatni. Råket frå Slutevatni var fint å følgje, sjølv om vi av og til mista det etter enkelte snøpartier.
Ein riktig flott rundtur!
User comments