Slettfjellet (01.07.2020)

Written by simenee (Simen Einmo Engdal) GSM

Duration 1h 33min
Distance 6.9km
Vertical meters 444m
GPS
Ascents Slettfjellet (735m) 01.07.2020 13:46

Etter at Sandfjellet i Folldalen var bestege var det klart for å ratte bilen opp Vindøldalen og sikte seg inn på Slettfjellet. Start i frisk kuling og striregn, og etter kvart hagl. Middels stemning hos ein i shorts og ikkje vanntett vindjakke, men skura passerte og ting såg lysare ut når eg fann fram til Kløvvegen som eg fulgte eit stykke nordover.

Det værste uveret har passert.
Det værste uveret har passert.

Ruta blei så lagt nokså direkte opp langs blaute myrer og lyng i retning Slettfjellet. Ingen sti å spore her, men terrenget er greit å følgje. Vel opp finn ein ein storreist varde og fint utsyn mot Honnstadknyken. Kort pause før det blei retur same veg, heldigvis klar av omliggjande regnbyger.

Varden på toppen av Slettfjellet. Honnstadknyken i bakgrunn.
Varden på toppen av Slettfjellet. Honnstadknyken i bakgrunn.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.