To små topper i Nordmarka (30.06.2020)

Written by simenee (Simen Einmo Engdal) GSM

Characteristic Trip by foot
Duration 1h 38min
Map
Ascents Fagerfjellet (541m) 30.06.2020 14:11
Atter Solåsfjellet (513m) 30.06.2020 14:55
Berggrova (542m) 30.06.2020 15:04

Noko må ein også bruke gråversdagane til, så med lågt skydekke og duskregn blei ruta lagt opp til dei to toppane i Nordmarka som mangla på surnadalslista. Køyrde bilen innover bomvegen og parkerte på det høgste punktet ved starten av stien som går opp til Fagerfjellet. Relativt god sti heile vegen til toppvarden, som er tidvis dandert med små og halvstore vardar som viser veg. Over nokre myrparti forsvinn stien, men ein treng ikkje leite lenge for å finne den att på andre sida. Opp til toppvarden og bortom aktuelle toppunkt i frisk vind, før det blei retur til bilen same veg.

Vel nede tok eg på nytt bilen fatt og køyrde til enden av vegen som slutter ved demninga til Litlbøvervatnet. Stor parkeringplass her og fin veg over demninga. På andre sida går det eit fint tråkk opp den første bratta, før det forsvinn gradvis etter kvart som ein går innover. Då var det berre å stake seg ut ein kurt i retning Berggrova så best ein kunne. Opp på den andre høgda fekk eg auge på ein liten varde som så ut til å stå på skuddhald, så det blei ein liten strafferunde bort til Atter Solåsfjellet før Berggrova blei bestege Frisk vind også her! Eg starta med varden lengst nord før eg gjekk over toppunktet som held "nåla" og sannynlegvis er høgste punkt, og avslutta borte ved den sørligste varden. Straka vegen ned att til bilen godt fornøyd med ein forfriskande tur i ruskeværet.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.