Hovsnebba (27.06.2020)

Written by aarvag (Steinar Aarvåg) GSM

Duration 9h 15min
Distance 13.9km
Vertical meters 1,803m
GPS
Ascents Hovsnebba (1,554m) 27.06.2020
Hovsnebba V1 (1,533m) 27.06.2020
Hovsnebba V2 (1,508m) 27.06.2020
Hovsnebba V3 (1,484m) 27.06.2020
Hovsnebba Ø1 (1,552m) 27.06.2020
Visits of other PBEs Flaggnuten (431m) 27.06.2020

"Så der skal vi opp, ja...?"
"Jada, men det er ikkje så ille når ein kjem oppi lia, sjø"
"Nei, det forstår eg, men vi går vel ikkje opp forbi ura vi skimtar mot toppen, der?"
"Jo"
"Seier du det ja..."

Omtrent sånn gjekk praten mellom debutantane og kjentmann Simen da vi steig ut av bilen på parkeringa ved Hydro. Det er ikkje mykje som kjem av seg sjølv når ein skal bestige toppar direkte frå Sunndalen, og Hovsnebba er så definitivt ikkje noko unntak.

Her var det berre å trekkje pusten og legge i veg. Etter ein innmarsj som tok oss ein plass mellom tredve og førti sekund var vi i gang med dagens første motbakke - ein motbakke vi var vel vitande om at ville bli av det langvarige slaget. Faktisk heilt til topps, om ein ser litt stort på det.

På veg opp til utsiktspunktet Flaggnuten er det lagt ut kjetting til hjelp opp berga, men med tørre og fine forhold gjekk det litt prestisje i å prøve å forsere dei vanskelegaste klivepartia uten anna hjelp enn det naturen sjølv kunne by på. Etter ein times tid (og ein kjapp avstikkar frå stien til Hovsnebba) kunne vi frå Flaggnuten nyte utsikta av morgonsola som var i ferd med å finne vegen ned i Sunndalen. Neste utfordring på vegen vidare opp lia var "Galleriet" - ei relativt smal hylle, men ikkje særleg problematisk med gode tak for både armer og bein, samt tilgjengeleg tau for assistanse.

Høgdemetrane rullar fort på når det utelukkande går oppover, og langs overraskande god sti tok det ikkje lange tida før vi nærma oss toppryggen. Etter litt obligatorisk posering og nokre klivartak der forfattaren fekk bekrefta at armane ikkje hadde vorte lengre sidan i fjor, runda vi elegant opp på toppryggen og fekk Dronningkrona og Kongskrona rett i synet. Utsikta både nedover, bortover, innover og utover var av det mektige slaget - og akkompagnert av varmmat frå pose var det ikkje vanskeleg å slå i hjel tida frå toppen aust for hovudtoppen.

Etter både varmmat og kaffe skulle ein kanskje tru at turens høgdepunkt var unnagjort, men dagens turleiar hadde andre planer. No peika vi nasen vestover langs toppryggen for å ta ein ekstra kikk på pinaklane Tande og Rebekka. Inga opplagt "beste rute" å finne i ura, men det gjer ikkje noko når ein har med seg både sporhund og fjellgeit i ein og samme oransjekledde figur. Litt ned, litt opp og litt bort, og der dukka to heftige fjellformasjonar opp.

"Og du skal oppå den nederste?"
"Ja, det var plana"
"Akkurat ja..."

Med litt klamme handflater var det berre å bli med så langt som muleg for å gjere ein jobb som fotograf medan dagens desidert mest fryktlause (framleis kledd i oransje) fortsette ferda mot toppen av Rebekka. Resultatet levner vel ingen tvil om at dette vart dagens høgdepunkt, på ein dag der terningen gjerne skulle gått lenger enn til seks.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.