Snøfjellet (25.06.2020)

Geschrieben von simenee (Simen Einmo Engdal)

Tourcharakter Fußtour
Tourlänge 2h 49min
Entfernung 9,4km
Höhenmeter 844m
GPS
Besteigungen Snøfjellet (1.009m) 25.06.2020 13:26
Besuche anderer PBE Søyadalen p-plass (255m) 25.06.2020 11:53

Somarens første tur i småsko blei lagt til Snøfjellet ovanfor Søyadalen, ein rett så fin topp skulle det vise seg. Inn forbi den idylliske Mellingsetra og Vassendsetra finn ein etter kvart skilt opp lia mot Snøfjellet og Trollhøtta, og opp hit går det ein fint og lettgått sti. Eit lite hinder var det derimot at det i forbindelse med skogsarbeid har blitt lagt ein slags veg bortover lia, som kan gjere det litt utfordrande å finne kor stien går vidare opp lia herifrå. Vi endte med å gå feil og følgje denne vegen til endes, men etter å da snu og gå tilbake lans vegen fekk vi etter kvart peila oss inn på stien og blå merking opp lia.

Vel opp over tregrensa går ein ganske raskt av stien som fortsett inn mot Trollhøtta, og siktar seg inn på toppen av Snøfjellet. Framleis ein del snø her, men den bar godt og gjorde turen lettare både opp og ikkje minst ned! Stor varde på toppen med utsikt ned i Søyadalen, mens det høgste punktet ligg litt lengre inn mot Kvennbødalen. Fint rundskue på ein fin junidag.

Flott utsyn over Sulene og andre kjente og kjære topper som framleis ber på mykjy snø.
Flott utsyn over Sulene og andre kjente og kjære topper som framleis ber på mykjy snø.

Benutzerkommentare

Kommentartitel:
Zeichen: 1000
Kommentartext:
Du musst angemeldet sein, um Kommentare schreiben zu können.