Sommerskitur til Dronningkrona (20.06.2020)

Written by simenee (Simen Einmo Engdal) GSM

Start point Dalsbøen
Characteristic Randonnée/Telemark
Map
Ascents Dronningkrona (1,816m) 20.06.2020
Nokre barflekker har det blitt, men framleis godt med snø innover dalen.
Nokre barflekker har det blitt, men framleis godt med snø innover dalen.

Då det blei handla randoneeutstyr i mai og returen til Nordmøre var planlagt til slutten av juni var ikkje tanken at plankane skulle til dyst denne "vinteren", men slik blei det da altså likevel. Mens mai hadde gjeve sol og snøsmelting austafjells hadde det på vestlandet lagt seg snø så langt ned som i dalføra, og eit godt påfyll hadde det nødvendigvis blitt i fjellheimen også. Sjølv ei steikande varm juni hadde ikkje klart å ta knekken på all snøen innen den 20., og dermed blei det kombinert shorts og skisko opp lia frå Dalsbøen ein solfylt laurdag i juni, med Dronningkrona som mål. Undertegnede skulle teste utstyr og oppakning for første gong, og fekk erfare at greiner og anna vegetasjon er lettare å unngå utan ski på ryggen. Slikt småplokk var derimot langt i frå nok til å øydelegge slik ein vakker dag, og oppe over tregrensa trong vi ikkje gå langt før vi fann slik snø at det gjekk an å spenne på seg skia. Etter to parti som krevde at skia måtte av, var vi på veg opp 1000-metersbakken i gode klyv.

Dagens turleiar hadde fått sondert terrenget godt denne usedvanlege lange skisesongen, og peila oss fint oppover på kryss og tvers. Vel oppe på ryggen mot toppen blei det nokre mindre parti på skiskoa over litt barlagt ur, før siste strekket opp mot toppen blei forsert. Vel oppe var det berre å nyte sol, turmat og ei klassisk utsikt frå ein heller spektakulær skitopp!
Ein liten, men ikkje overraskande dempar på stemninga var to bunnsollide gangsår på kvar fot etter nokre gode timar i nytt og ubrukt utstyr. Gangsårplaster og sportsteip hadde måtte gitt tapt for svette og friksjon. Likevel var det håp for at skaden ikkje skulle sette noko brems på nedkøyringa når ein hadde fått snørt på seg fottøyet att. Utsikta mot Kongskrona og vidare mot Dovre gjorde dessutan og sitt.

Så var det klart for nedkøyring og dagens høgdepunkt. Å glede seg til nedturen er ikkje akkurat noko ein er vant med frå fotturar. Utruleg kva litt snø kan gjere. Godt fastspent blei det sett utfor. Det var nokre år sidan dei siste svingane blei satt, men litt som med å sykle blei det etter nokre meter med testing gravd fram gamal kunnskap. Litt strabasiøst bort og opp på returen over ryggen, men ned 1000-metersbakken var alle sorger glemt. Fantastisk nedkøyring på ypperleg slushføre. Turfølgjet slo på stortromma og meinte at dette måtte være det beste føre ned frå Dronningkrona i heile år. Perfekt! Supert å kjenne på litt fartsfølelse på ski igjen. Ein tur som bekrefta at ski er ei god investering, og som gav meirsmak på skisesongen som ventar no som denne lange vinteren etter kvart må ta slutt.

Klassisk utsikt frå toppen av Dronningkrona med sjølvaste Kongskrona som statist.
Klassisk utsikt frå toppen av Dronningkrona med sjølvaste Kongskrona som statist.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.