Godlifjellet og Naganibba frå Liarvatnet (12.06.2020)

Written by Kaare_70 GSM

Map
Ascents Godlifjellet (768m) 12.06.2020
Søraust for Krokavatnet (733m) 12.06.2020
Naganibba (748m) 12.06.2020
Visits of other PBEs Nagastølen (480m) 12.06.2020

Flott tur til Godlifjellet lengst inne i Jørpelandsheia, strakaste vegen frå Liarvatnet. Opp Lågalia, fredeleg langs Svortingsvatnet til Nagastølen som framleis er den same. Bratt opp normalvegen mot Nibba, men ikkje oppom der før heimvegen.

Stokkar av gamle Bostebu ved Svortingsvatnet. Den gamle hytta var frå 1939, den nye frå 1996
Stokkar av gamle Bostebu ved Svortingsvatnet. Den gamle hytta var frå 1939, den nye frå 1996
Nagastølen under Nibba
Nagastølen under Nibba
Her har det ikkje vore mykje forandring sidan stølen var i bruk
Her har det ikkje vore mykje forandring sidan stølen var i bruk
Mot Nagatjødnane og Krossfjellet
Mot Nagatjødnane og Krossfjellet

Herifrå var det stilaust og meir spennande terreng, men óg ganske friskt med austavind, såpass at vindjakka måtte på og capsen av. Holdt høgda så godt eg kunne bortover mot Krokavatnet, men det var lettare sagt enn gjort. Kryssa utløpsbekken frå vatnet og holdt over høgdedraga på sørsida. Her tok eg óg over høgdedraget søraust for Krokavatnet og fekk endeleg dagens mål i syne, eit godt stykke lenger å gå, og framfor alt ganske kupert vidare. Herifrå måtte eg ganske bratt ned mot eit dalsøkk på sørsida, og her fann eg nødlingar til det som viste seg å vera ein lite brukt, men brukbar sti; godt å vita til returen!

Tjødn nedanfor utløpet av Krokavatnet
Tjødn nedanfor utløpet av Krokavatnet
Godlifjellet med dei to toppane kjem til syne søraust for Krokavatnet
Godlifjellet med dei to toppane kjem til syne søraust for Krokavatnet

Gjekk småbratt men greit vidare ned til lågaste punktet (salen) på ryggen mot Godlifjellet, og fekk flotte utsyn mot både Djupedalen sørover og Gryteholstjødna, Svartavatnet og Svartavassknuten nordover. Frå forrige tur denne vegen i 1988 visste eg at det var bratt tidvis klyveterreng vidare opp ryggen til topps, men nå viste nødlingane beste veg, stort sett på høgre (vestre) sida av ryggen.

Mot Gryteholstjødna, Svartavatnet og Svartavassknuten
Mot Gryteholstjødna, Svartavatnet og Svartavassknuten
Mot Bratteliknuten og Godlitjødna
Mot Bratteliknuten og Godlitjødna
Flott utsikt ned Djupedalen mot Hengjanevatnet og Svortingsvatnet lenger ute. Den dominerande toppen er Moslivarden
Flott utsikt ned Djupedalen mot Hengjanevatnet og Svortingsvatnet lenger ute. Den dominerande toppen er Moslivarden

Så etter brukbare 2 timar 10 min var eg brått oppe ved den enkle varden, som hadde vore synleg ei god stund. Det var kjekt å ta til seg den flotte utsikten her oppe igjen, og det var kjenneslege landskap på alle kantar; Godlitjødna og Bratteliknuten austanfor, Skitli med Venavatnet nordover. Dessverre bles det framleis ein kraftig austavind, så etter kort rekognosering eit stykke sørover tok eg fatt på returen.

På Godlifjellet med utsikt ut heile Svortingsvatnet. Den dominerande toppen er Naganibba
På Godlifjellet med utsikt ut heile Svortingsvatnet. Den dominerande toppen er Naganibba
Frå Godlifjellet mot Godlitjødna, Svartavatnet, Venavatnet og jamvel ein flik av Longavatnet
Frå Godlifjellet mot Godlitjødna, Svartavatnet, Venavatnet og jamvel ein flik av Longavatnet
Frå Godlifjellet mot Gryteholstjødna og Svartavassknuten. Bakanfor sjåast bl.a. Krunefjell og ein flik av Holmavatnet
Frå Godlifjellet mot Gryteholstjødna og Svartavassknuten. Bakanfor sjåast bl.a. Krunefjell og ein flik av Holmavatnet
Fornøgd på Godlifjellet for tredje gang!
Fornøgd på Godlifjellet for tredje gang!

Etter ein kort matpause i brukbart le med flott utsikt over Gryteholstjødna, fann eg vegen opp på den andre sida av salen. Nå kunne eg følgja nødlingane gjennom dalsøkket, og så var det bare å holda sørsida av Krokavatnet tilbake. Sjølv om det var lite saft att i beina, måtte eg oppom Naganibba ein snarvisitt, før heimvegen gjekk same vegen som eg kom. Det var kjekt å møta fleire kjentfolk langs Svortingsvatnet, inkludert Nag'arar med ei sauedrift som skulle til "nye" Nagahytta.

Retur mot dalsøkket der den nødla stien går
Retur mot dalsøkket der den nødla stien går
Ved Krokavatnet, høgstliggande vatnet i Strand med god margin
Ved Krokavatnet, høgstliggande vatnet i Strand med god margin
Tilbakeblikk mot Krokavatnet
Tilbakeblikk mot Krokavatnet
Klassisk motiv frå Naganibba; me ser Hengjanevatnet og Svortingsvatnet med eidet, dessutan Ytre Buksetjødna og ein flik av Troppevatnet
Klassisk motiv frå Naganibba; me ser Hengjanevatnet og Svortingsvatnet med eidet, dessutan Ytre Buksetjødna og ein flik av Troppevatnet

Fasit for turen vart 4 ½ timar med ein kort matpause og 6-700 hm. Det var heller lite fuglar både å høyra og sjå, stort sett bare småfuglar langs Svortingsvatnet.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.