"Tinderangling" i Grue Finnskog (26.05.2012)

Written by mariusmeland (Marius Meland) GSM

Map
Ascents Mullulampberget (512m) 26.05.2012
Vesle Moldusen (427m) 26.05.2012
Vålbergsklinten (518m) 26.05.2012

Fin og varm vårdag i slutten av mai. Det er blitt vårgrønt i dei djupe Finnskogar, der stillheten rår og berre vinden i trea gjev lyd frå seg.

Starta med ein tur til Sandsjøberget.
Fin stemning på Sandsjøberget
Fin stemning på Sandsjøberget
Deretter var det opp på Vålbergsklinten, der siste del var ganske bratt og utsikten fin over både Sverige og Grue Finnskog.
Utsikt frå Vålbergsklinten
Utsikt frå Vålbergsklinten

Kunne køyre ganske langt opp på skogsbilvegar opp mot desse to toppane, det vart dermed ganske korte turar dit.

Med Vålbergklinten er Grue PF > 100 m fullført! Hovudmålet er likevel alle toppar i Grue (her definert som PF > 50 m), her har eg framleis litt igjen.

Avslutta med ein tur til Vesle Moldusen.
Vesle Moldusen
Vesle Moldusen

Her vart det ein kjapp svipptur innom Sverige for å kome til startpunktet (forøvrig også i Sverige). Gjekk ein halv time til dels bratt oppover lia, litt lengre enn dei 2 andre toppane.

Etterpå var det tilbake til Kirkenær for å ete god grillmat.

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.