Rasletinder (01.06.2020)  5

Written by Peder (Peder Sperstad)

Start point Valdresflye parkering (1,390m)
Endpoint Valdresflye parkering (1,390m)
Characteristic Randonnée/Telemark
Duration 6h 24min
Distance 16.3km
Vertical meters 844m
GPS
Ascents Rasletinden (2,105m) 01.06.2020
Sørvestre Rasletinden (2,025m) 01.06.2020
Øystre Rasletinden (2,010m) 01.06.2020

Det er framleis bra med snø på Valdresflya, og vi avslutta vi pinsa med ein ettermiddagstur til Rasletind. Det flotte pinsevêret held fram og vi gjekk i shorts heilt til topps.
Vi gjekk "sommerløypa" og det var greit føre opp til Øystre (2010).
Det vart litt ski-bering ned frå denne fortoppen, og deretter greit opp til Rasletinden.
På nytt litt bering ned frå toppen og så rusla bort til Sørvestre Rasletinden. Med sine 10 meter primærfaktor rager denne steinhaugen av ein topp høgt på lista over dei aller stusslegaste fjelltoppane i Noreg. Men dette skulle altså vise seg å bli Andrea sin topp nr 100 (2k 10pf). Vi kunne kanskje planlagt noko meir majestetisk blant kongerikets stolte fjelltopper, men topp er topp. Det blir feiring på Sentralen i Lom med det fyrste!
Retur via Raslet og Steindalen. Skikkeleg sugeføre og elendig glid i den våte snøen, men det er vel ikkje anne vente når kalenderen viser juni.

Nydeleg pinsevêr 1. juni
Nydeleg pinsevêr 1. juni
Nærmar oss 2000 meter
Nærmar oss 2000 meter
Øystre Rasletinden
Øystre Rasletinden
Siste bakkane opp mot Rasletinden
Siste bakkane opp mot Rasletinden
Andrea på Rasletinden
Andrea på Rasletinden
Topp nr 100 for Andrea - den majestetiske Sørvestre Rasletinden
Topp nr 100 for Andrea - den majestetiske Sørvestre Rasletinden
Fortsatt like flott når vi cruiser ned mot bilen
Fortsatt like flott når vi cruiser ned mot bilen

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.