Sognefjellet med Gravdalstinden og fleire Smørstabbar (31.05.2020)  6

Written by Esone (Einar Moen) GSM

Start point Sognefjellshytta (1,457m)
Characteristic Randonnée/Telemark
Duration 10h 58min
Distance 23.5km
Vertical meters 978m
GPS
Ascents Nordvest for Storoksle (1,834m) 31.05.2020 13:06
Søre Smørstabbtinden (2,033m) 31.05.2020 14:45
Gravdalstinden (2,113m) 31.05.2020 15:22
Vesle Gravdalstinden (2,015m) 31.05.2020 16:05
Sørvestre Smørstabbtinden (2,045m) 31.05.2020 16:48
Søraustre Smørstabbtinden (2,030m) 31.05.2020 18:11

Denne turen har vore planlagt i lengre tid. To gonger har Lærdal turlag vore på Gravdalstinden utan at det har passa for meg. Den finaste dagen kom. Ikkje ei sky på himmelen, og med varmt vèr. Vi gikk frå Sognefjellshytta, inn mot Falkeberget, og opp stigninga derifrå. Fin bratt og trygg bakke opp til Smørstabbreen. Ei anna værd openbara seg, med bre og flotte fjelltoppar. Javist, har vore i område før, men ikkje på Smørstabbreen. Bestemte at når det var så fint, så skulle vi ta med dei toppane som var i området. Og slik blei det.

Fyrst oppom Søre Smørstabbtind, ved å halde høgt i skrå-feltet mellom dei to skara. Godt spor. Så skli på feller nedatt, og ta fatt på bakken opp til Gravdalstinden. Tinden ser diger, svart, kvit og majestetisk ut. Men merkeleg kjapt er ein oppe på toppen. Vi tok ein liten pause, og såg i alle himmel-retningar. Prøvde å finne toppar om fjellområde. Fint å køyre med rando ned frå toppen. Stakk oppom Vesle Gravdalstinden. Vidare tilbake i skaret og opp på Sørvestre Smørstabbtind. Litt bratt og gjennomslag midt oppi. Men kort og greitt opp dit også. Retur same veg. Nytta farten vi fekk til å gli bortover breen under Søre Smørstabbtinden og småhaugane vidare aust. Så på skrå opp til neste band, under Søraustre Smørstabbtind. Her vart det av med ski, og på føtene opp. Brattaste tinden i dag, men gode trakk, og heilt greitt.

På med skia, nokre fine svingar, og så i renn nedover brea. Det glei betre enn forventa. Vi gikk så resten av returen utan feller. Med litt laus snø i toppen går det veldig greit med laus hel og utan fell. Festa helen og stramma sko ved Nordvest for Storoksle. Veldig fin og lang køyring i retning Falkeberget. Så litt flatt og småkneikar, nokre svingar att, og god sigling med tangering vest for Bøvervatnet. Så roleg tempo oppatt til Sognefjellhytta. Starta turen med flystripe gps-spor. Fekk retta opp straumspare-modus i telefonen etter 3-4 km. Denne turen fekk terningkast 6, noko eg også gav Storebjørn i 2013. ... (tekst på bilder kjem etter kvart).

User comments

Comment title:
Characters left: 1000
Comment text:
You need to be logged in to write comments.